HjemPlan, bygg og eigedomSkal du lage privat reguleringsplan?

Skal du lage privat reguleringsplan?

Kva er ein reguleringsplan

Kva er ein reguleringsplan?

Ein reguleringsplan er kommunen sin måte å styra utviklinga av eit område på. Korleis skal vi bu? Kvar skal vi ha friluftsområde og leikeareal? Korleis skal vi bevege oss gjennom nærområda våre?
Ein reguleringsplan er ein politisk vedteken plan over eit avgrensa område. Reguleringsplanen fastset korleis område kan brukast og kva som kan byggjast der. Planen består i grove trekk av eit plankart med tilhøyrande føresegner og planskildring. Plankartet viser kva type føremål som er tillate på ein eigedom, til dømes bustadar, næring eller leikeareal. Føresegner og planskildring seier noko om kor mykje som kan byggast og om det til dømes er krav om at gangvegar, leikeplassar og liknande må vere på plass før ein kan setje i gang med å bygge bustadar. 

To typar reguleringsplanar

Det finst to typar reguleringsplanar: områderegulering og detaljregulering.

Områderegulering blir til vanleg laga av kommunen og styrer utviklinga av eit større område. Detaljreguleringar kan bli laga av både kommunen og private utbyggarar og initiativtakarar, men ein må då forholda seg til dei overordna kommunale planane under planlegginga. Detaljreguleringar tek for seg mindre område eller enkelte tomter og gir ofte meir spesifikke føringar for kva som kan byggjast enn kva ein områderegulering gir.

Trykk her for å sjå ein oversikt over alle gjeldande planer og pågåande planarbeid. 

Slik blir ein reguleringsplan laga

Ønskjer du å byggje noko i eit område, må du laga ein reguleringsplan. Som regel tar ein utbyggjar initiativ til å regulere eit område i samband med utbygging av eit konkret prosjekt. Det er likevel ikkje noko krav om at ein må vere utbyggjar for å regulere. Både grunneigarar, organisasjonar, kommunen og andre kan ta initiativ til å regulere eit område, men sjølve utarbeidinga av reguleringsplanen må vere laga av fagkyndige. Til dømes vil ein reguleringsplan typisk vere laga av eit samarbeid mellom arealplanleggarar og VVA ingeniørar.
Alle planforslag skal vise konsekvensar av forslaget, det skal vere ei vurdering av om forslaget følgjer opp overordna planar, og dei må få fram kva interesser som står mot kvarandre innanfor eit område og kva ein prioriterer av desse. Til dømes kan dette vere at ein ønskjer at det skal byggast leilegheitsbygg i staden for einebustader på ein eigedom. Planavdelinga i kommunen rettleiar og gir innspel til dei fagkyndige om kva planforslaget må innehalde. Det er kommunestyret i Alver kommune som vedtar reguleringsplanane.

Når kan du påverke ein reguleringsplan?

Ein viktig del av arbeidet med reguleringsplanar er å få innspel frå innbyggarane. Du kan komme med innspel på to ulike tidspunkt i ein planprosess: Ved varsel om oppstart av planarbeidet og når ferdig utarbeidd planforslag er sendt ut til høyring og offentleg ettersyn.

I begge rundane får naboar, grunneigarar og relevante offentlege styresmakter skriftleg varsel om planarbeidet. I tillegg blir planarbeidet annonsert i lokalavisa og på kommunen sine heimesider. Når reguleringsplanen er ferdig vedteken, er det høve til å klage på vedtaket dersom ein framleis ikkje er nøgd med utforminga og føler at ein ikkje har blitt høyrt i planprosessen.

Trykk her for å sjå kva planar som er på høyring no. 

Varsel om oppstart

Når nokon lagar ein reguleringsplan må dei varsle oppstart av planarbeidet til naboar og andre som er omfatta av planen. Normalt er fristen for å kome med innspel tre veker.

Høyring og offentleg ettersyn

Når planforslaget blir levert inn til kommunen, skal alle få moglegheit til å komme med innspel til forslaget. Planforslaget inneheld detaljerte skildringar av korleis ein ser for seg å bygge ut eit område, med kart, føresegner, planskildring og utgreiingar, illustrasjonar og andre dokument som viser korleis området vil verte utnytta.
I tillegg skriv vi i planavdelinga ei sak der vi vurderer dei ulike tema i planforslaget og vurderer om desse er i samsvar med dei retningsliner og krav kommunen til ei kvar tid har. Alle desse dokumenta vert tilgjengeleg for innbyggarane i høyringsperioden. Fristen for å kome med innspel i denne runden er minst seks veker.
Både planavdelinga og dei som har laga planforslaget går gjennom alle innspela og vurderer om ein skal gjere endringar. Om det blir gjort store endringar, må planen ut att på høyring, men som regel går reguleringsplanen til kommunestyret for endeleg vedtak.

Skal du lage privat reguleringsplan?

Private, tiltakshavarar, organisasjonar og andre myndigheter har rett til å fremje forslag til detaljregulering. Private forslag må følgje opp kommuneplanens arealdel og gjeldande områdeplanar, og detaljreguleringa skal utarbeidas av fagkyndige, jf. plan- og bygningsloven §12-3.

Oppstartsmøte

Første steg i reguleringsplanprosessen er å ha eit oppstartsmøte med kommunen. Siktemålet med møtet er å sjå på rammer for planarbeidet og avklare viktige føringar så tidleg så råd, samt å leggje til rette for ein god planprosess. Kommunen utarbeidar referat frå oppstartsmøte, som vert sendt ut i etterkant til konsulent.
Forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering etter plan- og bygningsloven regulerer oppstartsfasen og den vidare prosessen til ei detaljregulering:

Som grunnlag for oppstartsmøte skal fagkyndig/plankonsulent utarbeide eit planinitiativ og SOSI med planomriss, som skal sendas inn saman med bestilling av oppstartsmøte. Bestilling sendast til post@alver.kommune.no

Kommunens handsaming av private planforslag er gebyrbelagt. Forslagstiller må dekke dei kommunale gebyra samt bruken av fagkyndig konsulent.

Utarbeide og sende inn detaljregulering

Kommunen viser til Kommunal – og moderniseringsdepartementet si rettleiing om reguleringsplanar og Nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister (NPAD),  for rettleiing til korleis reguleringsplanar kan utarbeidas etter føresegnene i plan- og bygningslova. 

Kommunen har utarbeida ulike malar som skal brukast ved utarbeiding av planforslaget:

Innsending av komplett planforslag til 1. gong handsaming skal sendast til post@alver.kommune.no.

Dersom du vil sende søknaden i post, sender du den til:

  • Alver kommune
    Postboks 4
    5906 Frekhaug
Kontakt planvakta

Planvakta

Du kan ikkje bestille time, men tenesten er open for rettleiing på telefon måndag til fredag mellom kl. 09:00 - 14.30.

Kva hjelper planvakta deg med?

  • Spørsmål om utarbeiding av reguleringsplanar og kommuneplanen sin arealdel
  • Rettleiing til planprosessen
    Planar i Alver
    Skal du lage privat reguleringsplan?
  • Informasjon om rammene i kommuneplanen, kommunedelplanar og reguleringsplanar. Gjeld spørsmålet ditt korleis rammene skal tolkast når det gjeld eit byggjetiltak, ta kontakt med Byggjesaksvakta
  • Hjelp til å finne fram i kartløysingane

Kva hjelper ikkje planvakta med?

  • Vi kan ikkje rettleie deg i forhold til byggjesaker. Byggjesaksvakta svarer på henvendingar knytt til byggjesaker.
  • Vi kan ikkje teikne, prosjektere eller fylle ut søknadar til deg. Kommunen kan ikkje handsame søknadar som den sjølv har bidratt til å fylle ut.
  • Vi kan ikkje rettleie i pågåande plansaker. Har du spørsmål til ei pågåande sak, er det sakshandsamar på den aktuelle saka du må vende deg til.

Kontakt

For å komme i kontakt med planvakta må du ringje
Innbyggjarservice på 56 37 50 00


Sist oppdatert: 06.09.2023
Publisert: 19.12.2019