Planar i Alver

Plansystemet vårt, ulike plantypar

Det norske plansystem

Ein planstrategi

Ein planstrategi seier kva planar vi må få på plass eller revidere for å oppnå ønska utvikling i kommunen dei neste fire åra.

Trykk her for planstrategi  2021-24

Ein kommuneplan

Kommuneplanen er todelt, og består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen handlar om framtida til kommunen og skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar. Arealdelen er eit kart, som visar kor vi skal drive med kva i kommunen. Kvar skal vi bu? Kvar skal vi drive næring? Kvar skal vi ha urørt natur? Og så vidare.

Kommunedelplanar/fagtemaplanar

Ein kommunedelplan er ein overordna plan for eit areal eller eit særskilt tema. Kommunedelplanane er juridisk bindande og kan berre bli utarbeidd av det offentlege. Det vert også laga mange fagtemaplanar som ikkje er kommunedelplanar.

Reguleringsplanar

Ein reguleringsplan er ein meir detaljert plan enn kommuneplan og kommunedelplan. Ein reguleringsplan er eit detaljert kart med reglar for bruk, vern og utforming av eit fysisk område. Det finst to typar reguleringsplanar, områdereguleringsplan og detaljreguleringsplan. Både private og offentlege aktørar kan utarbeide ein reguleringsplan, men alle reguleringsplanar må innom kommunestyret for endeleg godkjenning. Planane kan både gjelde for større og mindre område, og skal alltid følgje måla i dei overordna planane som gjeld for området – kommuneplanen, eller eventuelle kommunedelplanar eller områdeplanar. 

Les meir om reguleringsplanar her.

Planar i prosess

For informasjon om pågåande planarbeid.

Digital oversikt over planane våre

Kommunen sitt nye plansystem vil gjerast tilgjengeleg i digital planoversikt etterkvart som nye planar vert vedtekne.

Trykk her for å gå til planoversikta.

Kommuneplan for Alver kommune
  • Kommuneplanen er kommunen sitt overordna styringsverktøy. Kommuneplanen består av to delar, ein samfunnsdel og ein arealdel.

    Den vedtekne samfunnsdelen seier korleis vi vil utvikle samfunnet, kva vi skal satsa på, kva visjonar og mål vi har for framtida - og kva vi må gjere for å koma dit. Arealdelen seier korleis vi skal utvikle areala våre, kva vi skal leggje til rette for kor i kommunen, til dømes kor vi skal byggje nye hus, vegar, møteplassar og næring.

    Vi jobbar no med arealdelen. I tida fram til Alver kommune får ny kommuneplan er det dei eksisterande overordna planane i dei tidlegare kommunane Lindås, Meland og Radøy som gjeld. Desse er no kommunedelplanar i Alver. 

    Trykk her for meir informasjon om desse planane.


    Arealdelen:
     Trykk her for meir informasjon

Kommunedelplanar

Kommunedelplan for kultur, Idrett og friluftsliv 2023-2035

Kommunedelplan for kultur, idrett og friluftsliv 2023–2035 blei vedtatt i kommunestyret 22.06.2023.

Kommunedelplan for kultur, idrett og friluftsliv 2023–2035 er kommunen sitt strategidokument for fagområda idrett, egenorganisert aktivitet og friluftsliv.

Kommunedelplanen består av to deler: eit strategidokument og eit handlingsprogram.

Les planen i heilskap:

 

Kommunedelplan for oppvekst 2023-2034

Trykk her for Kommunedelplan for oppvekst 2023-2034

 

Kommunedelplan for helse, sosial og omsorg 2023-2034

Trykk her for å sjå planen digitalt

 

Kommunedelplanar for areal

I tida fram til Alver kommune får ny kommuneplan er det dei eksisterande overordna planane i tidlegare Lindås, Meland og Radøy kommunar som gjeld. Desse er no kommunedelplanar inntil ny kommuneplan vert vedteke for Alver. 

Temaplanar

Temaplanar kan vera fagplanar og kommunedelplanar for bestemte sektorar som til dømes kultur, helse og oppvekst med fleire.

Planregister

For meir informasjon om arealplanar, områdeplanar og reguleringsplanar, kan du nytta vårt planregister. 

Trykk her for å gå til Alver kommune sitt planregister.


Sist oppdatert: 05.03.2024
Publisert: 05.10.2018