HjemKultur og aktivitetUng AlverHjelpenummer for born og unge

Hjelpenummer for born og unge

Helsestasjon for ungdom

Opningstider:

Knarvik, 3.etasje i helsehuset: Onsdagar kl. 15.30 - kl 18.30
Frekhaug: Tysdagar kl. 14.30 - 16.30

Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit gratis tilbod for deg mellom 13-23 år. På helsestasjonen for ungdom kan du få hjelp og råd frå helsesjukepleiar og lege (på Frekhaug møter ein helsesjukepleiar, og i Knarvik møter ein helsesjukepleiar og lege). Dei som jobbar der har teieplikt. Du treng ikkje bestille time eller ha avtale for å snakke med helsesjukepleiar eller anna helsepersonell på HFU. Det er berre å møte opp, men du må ikkje ha forkjølelsessymptom. Du treng ikkje tillatelse frå foreldra dine for å kontakte HFU.

Meir informasjon om HFU finn du på Helsestasjon for ungdom (HFU) - helsenorge.no

Kva kan du få hjelp til?

  • Rettleiing og hjelp til alt som handlar om prevensjon
  • Spørsmål i samband med seksualitet
  • Snakke om ting som er vanskeleg, anten det er fysisk eller psykisk helse
  • Eteforstyrringar
  • Problem i forhold til rus
  • Rettleiing i samband med graviditet
  • Vanskar heime, på skulen, eller med vener
  • Opplevingar kring vald, overgrep og mobbing
  • Du kan ta klamydiatest og graviditetstest her
  • Ved behov for anna hjelp kan vi henvise deg vidare til andre som kan hjelpe deg

Kvar heldt vi til?

  • Frekhaug: Havnevegen 41, 5918 Frekhaug. (Kommunehuset på Frekhaug, inngang mot Rema 1000).
  • Knarvik: Helsehuset, Kvassnesvegen 40, 3. etasje.
Barnevernsvakta

Har du det vanskeleg heime, eller er du bekymra for korleis andre har det? Meld frå til barnevernstenesta. Alle som jobbar i barnevernet har teieplikt.

Slik melder du frå på dagtid på kvardagar

Kontakt barnevernstenesta i kommunen:

  • Telefon til kontoret: 56 37 50 82
  • E-post: barnevern@alver.kommune.no
  • Besøksadresse: Region Nordhordland Helsehus, Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø. Du finn oss i 4. etasje, bruk heis A.
  • Besøkjande til barnevernstenesta får gratis parkering i underetasjen.

Slik melder du frå på kveld, i helger og på heilagdagar

  • Ring Alarmtelefonen for barn og unge telefon: 116 111
  • Ring politiet på telefonnummer 02800 dersom det gjeld ei akutt alvorleg krise

Alarmtelefonen vil i samtalen med deg vurdere om det er trong for akutt hjelp, gje deg råd og rettleiing og bringe vidare bekymringa di til barnevernstenesta i kommunen.

Vald og overgrep

Trykk her for informasjon om kor du kan henvende deg dersom du eller nokon du kjenner er utsett for vald eller overgrep

Førebyggjing av sjølvskading og sjølvmordsforsøk

Trykk her for informasjon om kor du kan henvende deg dersom du eller nokon du kjenner tenkjer på sjølvskading eller at livet er for vanskeleg

Psykolog for barn og unge

Trykk her for informasjon om pyskolog for barn og unge i kommunen

Psykososialt kriseteam

Alver kommune har eit psykososialt kriseteam som har til oppgåve å hjelpe menneske i akutte situasjonar som rammer liv og helse i alvorleg grad. Kriseteamet er eit beredskapsteam som skal kunne aktiviserast på kort varsel når ting skjer.

Trykk her for informasjon om psykososialt kriseteam

Nordhordland legevakt

Alver kommune har eit psykososialt kriseteam som har til oppgåve å hjelpe menneske i akutte situasjonar som rammer liv og helse i alvorleg grad. Kriseteamet er eit beredskapsteam som skal kunne aktiviserast på kort varsel når ting skjer.

Trykk her for informasjon og kontaktinformasjon 

Alarmtelefonen for born og unge

For deg som ikkje har det greitt heime.

Ring 116 111

Du kan og chatte på 116111.no, sende sms til 417 16 111 eller e-post til alarm@116111.no

Andre hjelpetilbod

Det finst mange andre hjelpetilbod du kan kontakte, mellom andre Snakk om psyken, BARsnakk (barn av rusmisbrukarar), Kors på halsen med fleire. 

Trykk her for oversikt over ulike chatte-tenester og telefonnumre som kan hjelpe deg dersom du treng nokon å snakke med utanfor kommunen sine tilbod.


Sist oppdatert: 21.06.2022
Publisert: 17.06.2022