Ung Alver

Om avdelinga Ung Alver

Avdelinga består av avdelingsleiar, ungdomskoordinatorar og fem ungdomsklubbar. Det vert fokus på å arbeide saman med ungdom, der medverking står sentralt. Avdelinga skal arbeide med drifta og utviklinga av ungdomsklubbar, UKM (ung kultur møtast), MOT og Alver ungdomsråd. Avdelinga samarbeider tett med andre som arbeider for og med ungdom, og mot frivillig sektor.

I Alver er det fem ungdomsklubbar. Lindås ungdomsklubb i Lindåshallen, Kraften i Alversund, Radøy ungdomsklubb på Manger, Entry på Eknes og Frekhaug Ungdomsklubb på Frekhaug. Ungdomsklubbane har som mål å fange opp uorganisert ungdom og gje dei eit tilbod på fritida. Klubbane har ulike opningsdagar og opningstider og er for ungdom i alderen 8. klasse - 3.VGS. Nokre av klubbane har også juniorklubb og/eller arrangement for born.

Avdelinga arrangerer kurs og store arrangement for ungdom. Avdelinga samarbeider også med Austrheim ungdomsklubb med å arrangere temafester og utfluktar i skuleferiar for ungdom. Avdelinga har eit stort fokus på å arrangere ulike tilbod både for born og ungdom i skuleferiar på sentraliserte og desentraliserte plassar. Avdelinga er aktiv på sosiale medium.

E-post: UngAlver@alver.kommune.no 

Tilsette på avdelinga

Administrasjonen:

Ungdomsklubbar:

Lindås ungdomsklubb:

  • Klubbarbeidar: Sigrid Indreeide Fossen 
  • Klubbleiar: Hilde Jordal

Entry:

  • Klubbleiar: Christine Blekenberg Vabø
  • Klubbarbeidar: Benedicte Hopsdal 
  • Klubbarbeidar: Sigrid Indreeide Fossen

Radøy ungdomsklubb:

  • Klubbleiar: Ingeborg Bjørge Hole
  • Klubbarbeidar: Mona Bakke Sætre
  • Klubbarbeidar: Jakub Stasiak

Frekhaug ungdomsklubb:

  • Klubbleiar: Ingunn Birkeland Fyllingen
  • Klubbarbeidar: Ling Michelle Åadahl

Kraften ungdomsklubb:

  • Klubbleiar: Ingunn Birkeland Fyllingen
  • Klubbarbeidar: Ingeborg Bjørge Hole
  • Klubbarbeidar: Hans Olav Evensen
Lindås ungdomsklubb

Lindås ungdomsklubb er ein nyoppretta klubb i Lindåshallen. Klubben har eit eige lokale i 2. etasje. Ungdomsklubben er eit gratis fritidstilbod for ungdom. Aktivitetstilbodet er rusfritt. Ungdomsklubbane i Alver har fokus på inkludering, nulltoleranse for mobbing og medverknad av ungdom. Lindås ungdomsklubb har eige klubbstyre som representerer ungdommane i klubben og som samarbeider med dei tilsette om å fremje ungdommens behov og interesse. Aldersgruppe er 8. klasse til 3.VGS. Ungdomsklubben har eit eige klubbstyre som representerer ungdommane i klubben og som samarbeider med dei tilsette, om å fremje ungdommen sine behov og interesser.

Lindås ungdomsklubb har ope kvar tysdag kl. 14.30 - 20.00. Det vert open hall til ulike tidspunkt på klubbkveldane. 

Aktivitetar på klubben

  • ein stad å møte vener og få nye vener
  • sal av mat, drikke og snop. Klubben tar vipps, kort og kontant
  • gaming
  • gjere lekser
  • brettspel
  • aktivitetar i hallen 

Følg klubben på Facebook, Instagram og Snapchat. Du kan og følgje ung i Alver på Facebook og på Instagram for oppdateringar om ungdomstilbod i kommunen. 

Tilsette på klubben

  • Klubbarbeidar: Sigrid Indreeide Fossen
  • Klubbleiar: Hilde Jordal

Har du andre spørsmål knytt til klubbarbeid kontakt oss på e-post: UngAlver@alver.kommune.no 

Entry

Entry ungdomsklubb er på lokalisert på Eknes. Klubben er open kvar onsdag frå klokka 17.30 til 21.00. Aldersgruppa er 8. klasse til 3.VGS. Ungdomsklubben er eit gratis fritidstilbod for ungdom og aktivitetstilbodet er rusfritt. Ungdomsklubbane i Alver har fokus på inkludering, nulltoleranse for mobbing og medverknad av ungdom. Klubben har eit stort lokale, som gir rom for eit breitt utval av ulike aktivitetar. Ungdomsklubben har eit eige klubbstyre som representerer ungdommane i klubben og som samarbeider med dei tilsette, om å fremje ungdommen sine behov og interesser.

Aktivitetar på klubben

  • ein stad å møte vener og få nye vener
  • sal av mat, drikke og snop. Klubben tar vipps, kort og kontant
  • diskotek/dans
  • airhockey
  • bordtennis
  • balansebrett
  • brettspel
  • ulike arrangement
  • gjere lekser

Klubben vil ha aktivitetar i skuleferiar. Klubben arrangerer også juniorklubb eit par gonger i halvåret. Tidspunkt for juniorklubb og arrangement for dei yngste vert publisert på facebook sida "Ung I Alver" eller på Entry si side på Facebook og Instagram.

Adresse til lokalet er: Eidavegen 80, 5913 Eikangervåg

Tilsette på klubben

  • Klubbleiar: Christine Blekenberg Vabø
  • Klubbarbeidar: Benedicte Hopsdal
  • Klubbarbeidar: Sigrid Indreeide Fossen

Har du andre spørsmål knytt til klubbarbeid, kontakt oss på e-post: UngAlver@alver.kommune.no 

Radøy ungdomsklubb

Radøy ungdomsklubb er eit tilbod til ungdom frå 8. klasse - 3.VGS. Det er fast klubbkveld kvar torsdag mellom klokka 14.20 og 20.00. Klubben er i ungdommens hus, på tribuna i Radøyhallen på Manger. Klubben har open hall frå klokka14.20-20.00 på klubbkveldane. Ungdomsklubbane i Alver har fokus på inkludering, nulltoleranse for mobbing og medverknad. Ungdomsklubben er eit gratis fritidstilbod for ungdom og aktivitetstilbodet er rusfritt. Ungdomsklubben har eit eige klubbstyre som representerer ungdommane i klubben og som samarbeider med dei tilsette, om å fremje ungdommen sine behov og interesser.

Aktivitetar på klubben

  • ein stad å møte vener og få nye vener
  • sal av mat, drikke og snop. Klubben tar vipps, kort og kontant
  • diskotek/dans
  • badminton
  • hoppemadrass
  • ballspel
  • brettspel
  • ulike turneringar
  • gjere lekser

Klubben driv mellom anna med større arrangement og aktivitetar som open hall i skuleferiar for born. Klubben arrangerer også ulike kurs for ungdom, og store arrangement som volleyballturneringar. Om sommaren og våren er det uteklubbar ved Nesvatnet (bak Radøyhallen), der klubben har utstyr som til dømes supbrett, kajakk, kano, vanntrampoline, hamsterhjul, strandvolleyball, fotball.
Radøy ungdomsklubb har eit eige klubbstyre som representerer ungdommane i klubben og som samarbeider med dei tilsette om å fremje ungdommens behov og interesse.

Adressa til klubben: Idrettsvegen 13, 5936 Manger

Trykk her for å følgje Radøy Ungdomsklubb på Facebook

Du finn oss og på Instagram og Snapchat. Du kan også følgje ung i Alver på facebook og instagram for oppdateringar om ungdomstilbodet i kommunen.

Tilsette på klubben 

  • Klubbleiar: Ingeborg Bjørge Hole
  • Klubbarbeidar: Mona Bakke Sætre (i permisjon)
  • Klubbarbeidar: Jakub Stasiak

Har du spørsmål knytt til klubbarbeid kontakt oss på e-post: UngAlver@alver.kommune.no 

Frekhaug ungdomsklubb

Frekhaug ungdomsklubb er ein ungdomsklubb for ungdom i målgruppa 8. klasse til 3. VGS. Klubben held til i andre etasje på Meieriet ved Frekhaug kai. Klubben har aktivitet kvar onsdag mellom klokka 14.30 og 20.00. Ungdomsklubben er eit gratis fritidstilbod for ungdom. Aktivitetstilbodet er rusfritt. Ungdomsklubbane i Alver har fokus på inkludering, nulltoleranse for mobbing og medverknad. Frekhaug ungdomsklubb har eit eige klubbstyre som representerer ungdommane i klubben og som samarbeider med dei tilsette, om å fremje ungdommen sine behov og interesser.

Aktivitetar på klubben

  • ein stad å møte vener og få nye vener
  • gaming
  • sjå film
  • høyre på musikk
  • spele biljard
  • ulike turneringar
  • gjere lekser             

Klubben arrangerer også aktivitetar og utfluktar for ungdom i skuleferiar. Vi tek Vipps i tillegg til kort og kontant.

Trykk her for å følgje Frekhaug ungdomsklubb på Facebook

Vi er og på Instagram og Snapchat. Du kan også følgje ung i Alver på Facebook og Instagram for oppdateringar om ungdomstilbodet i kommunen.

Tilsette på klubben

  • Klubbleiar: Ingunn Birkeland Fyllingen
  • Klubbarbeidar: Ling Michelle Aadahl

Har du andre spørsmål knytt til klubbarbeid kontakt oss på e-post: UngAlver@alver.kommune.no 

Kraften ungdomsklubb

Kraften ungdomsklubb er eit gratis aktivitetstilbod for barn og ungdom. Aktivitetstilbodet er rusfritt. Ungdomsklubbane i Alver har fokus på inkludering, nulltoleranse for mobbing og medverknad av ungdom. Målgruppa er uorganisert ungdom i alderen frå 8. klasse til 3. VGS. Klubben har aktivitet for born på juniorklubb og aktivitet i skuleferiar. Ungdomsklubben har eit eige klubbstyre som representerer ungdommane i klubben, og som samarbeider med dei tilsette om å fremje ungdommen sine behov og interesser.

Aktivitetar på klubben

  • ein stad å møte vener og få nye vener
  • fotballspel
  • biljard
  • airhockey, bordtennis
  • gaming
  • brettspel
  • ballspel og hall-aktivitet    
  • ulike aktivitetar som til dømes quiz
  • sal av mat, drikke og snop. Klubben tar vipps, kontant og kort
  • hobby/forming  

Ungdomsklubben er open måndagar mellom klokka 14.30 og 20.00.

Juniorklubben for 5. - 7. klasse er open tysdagar i oddetalsveker mellom klokka 17.00 og 20.00.

Adresse: Alverflaten 270, 5911 Alversund

Trykk her for å følgje Kraften ungdomsklubb på facebook

Du kan også følgje ung i Alver på facebook og instagram for oppdateringar om ungdomstilbodet i kommunen.

Tilsette på klubben

  • Klubbleiar: Ingunn Birkeland Fyllingen
  • Klubbarbeidar: Hans Olav Evensen
  • Klubbarbeidar: Ingeborg Bjørge Hole

Har du andre spørsmål knytt til klubbarbeid kontakt oss på e-post:UngAlver@alver.kommune.no 

UKM - Ung kultur møtast

Avdelinga arrangerer UKM - ung kultur møtast ein gang i året. Arrangementet er eit samarbeid mellom Alver, Austrheim, Fedje og Masfjorden.

UKM Nordhordland vert arrangert i Alverhallen laurdag 11. mars. Ungdom i alderen 10-20 år kan melde seg på arrangementet.

Frist for påmelding er 22. februar.

Trykk her for å melde deg på 

Det er gratis å delta, og ungdom kan delta med det meste. Ein kan til dømes delta med song, band, litteratur, kunst, konferansier, dans, triksing, stand up og mykje meir.

Ei ungdomsgruppe med unge arrangørar er med på å planlegge og gjennomføre mønstringa. På denne måten er UKM av og for ungdom. Har du lyst å vere med å arrangere? Meld deg som ung arrangør innan 4. januar.

Trykk her for å melde deg på

Det er gratis og sjå på, og publikum er velkommen. Programmet vert publisert 1-2 veker før mønstringa på UKM.no og på sosiale media.

Trykk her for å følgje UKM Nordhordland på Facebook 

Ulike arrangement for ungdom 

Datoar for arrangement våren 2023 er: 

  • Disco i Lindåshallen - 10. februar. AVLYST
  • Neonparty i Radøyhallen - 21. april
  • Sommarparty i Alverhallen - 16. juni

Tidspunkt for arrangementa er kl. 20.00 - kl.01.00, viss det ikkje er informert om anna. 

Arrangementa er rusfrie og er for aldersgruppa 8. klasse til 18 år.

Billettar får du kjøpt på ein av våre fem ungdomsklubbar i opningstida. Vi sel ikkje billett på juniorklubben. Billetten er ikkje refunderbar eller for vidaresal. 

Billettpris: kr 100.

Sommaraktivitet 2023

Ung Alver arrangerer saman med frivillige lag og organisasjonar sommaraktivitetar.

Aktivitetane er for:

Det blir også arrangert familieaktivitetar for alle. Informasjon om desse finn du i programma ovanfor.

Open hall

I skuleferiane er det tilbod til barn og unge i Alverhallen, Radøyhallen, Lindåshallen og Nordhordlandshallen. Informasjon blir publisert her i forkant av skuleferiane. 

Dette kan du vere med på: 

  • Aktivitet for store og små
  • Eigen barneavdeling
  • Hoppeslott
  • Kiosk
  • Ballspel
  • Boblefotball
  • Raud hoppemadrass
  • Aktivitet kan variere frå hall til hall

 

Alle barn under 5. klasse må komme i følgje med ein vaksen over 18 år. 

Her kan du snakke, chatte og få hjelp

Trykk her for informasjon om kor du som er ung kan snakke med nokon og få hjelp om du treng det.


Sist oppdatert: 08.06.2023
Publisert: 31.08.2018