Psykososialt kriseteam
Om psykososialt kriseteam
Teamet skal vere ein ekstra ressurs og hjelp når det er naudsynt med tidleg innsats i ein akutt fase før andre hjelpesystem er klare til å yte hjelp. Kriseteamet vil gjere vurderingar for behov om mobilisering i kvar enkelt situasjon.
Korleis komme i kontakt med psykososialt kriseteam?
På dagtid: Ring fastlegen din
Kveld, natt og helg: Ring Nordhordland legevakt - telefon 116117.
Psykososialt kriseteam blir kontakta av legevakt eller andre nødinstansar. Du kan ikkje sjølv kontakte kriseteamet.
Sist oppdatert:
06.08.2021
Publisert:
14.11.2019