HjemNyheiterTreng du følgje på ferie- og fritidsreise grunna nedsett funksjonsevne?

Treng du følgje på ferie- og fritidsreise grunna nedsett funksjonsevne?

No kan du søkje kommunalt følgje på ferie- og fritidsreise for personar med nedsett funksjonsevne.
Publisert: 13.04.2021
Sist endra: 13.04.2021

Ferie- og fritidsreise er ein aktivitet, opplevelse eller reise med overnatting, der hensikten er å få eit avbrekk frå dagliglivet gjeremål og andre fritidsaktivitetar.

Alver kommune etablerer prøveordning 2021-2022 der ein m.a. ønskjer å legge til rette for at personar i målgruppa kan gjennomføre ferie- og fritidsreise saman med kommunalt personell.

Målgruppe for ordninga er personar med nedsett funksjonsevne (fysisk og/eller psykisk), og som har trong for kommunal ledsager for gjennomføring av ferie- og fritidsreise.


Slik søkjer du

Trykk her dersom du vil søkje digitalt

Trykk her for søknadsskjema 

Søknad sendas til:

Alver kommune
v/ Fagutvikling stab
Postboks 4
5906 Frekhaug

Meir informasjon

Trykk her for retningslinjer
Trykk her for fondsvedtekter