HjemPlan, bygg og eigedomPlanar i AlverKommunale planar i prosess

Kommunale planar i prosess

Her finn du informasjon om kommunale planar som er i prosess.

Kommuneplanen
  • Vi jobbar no med kommuneplanen for Alver. Kommuneplanen er kommunen sitt overordna styringsverktøy. Kommuneplanen består av to delar, ein samfunnsdel og ein arealdel.

    Den vedtekne samfunnsdelen seier korleis vi vil utvikle samfunnet, kva vi skal satsa på, kva visjonar og mål vi har for framtida - og kva vi må gjere for å koma dit. Arealdelen seier korleis vi skal utvikle areala våre, kva vi skal leggje til rette for kor i kommunen, til dømes kor vi skal byggje nye hus, vegar, møteplassar og næring.

    I tida fram til Alver kommune får ny kommuneplan er det dei eksisterande overordna planane i dei tidlegare kommunane Lindås, Meland og Radøy som gjeld. Desse er no kommunedelplanar i Alver. Trykk her for meir informasjon om desse planane.

    Samfunnsdelen:  Trykk her for meir informasjon

    Arealdelen: Trykk her for meir informasjon

Barnehage- og skulebruksplan

Vi jobbar med å få på plass ein oppdatert barnehage- og skulebruksplan for Alver kommune.

Trykk her for å lese meir om dette arbeidet.

Kommunedelplan for E39 Flatøy-Eikefettunnelen

13.10.2022 fekk Alver kommune oversendt forslag til kommunedelplan med konsekvensutgreiing for E39 Knarvik-Ostereidet (Flatøy–Eikefettunnelen) frå Statens vegvesen.

Planforslaget er utarbeidd med utgangspunkt i planprogram fastsett i Lindås kommune 19.09.2017 og i Meland kommune 27.09.2017.

Trykk her for å lese kommunedelplan med konsekvensutgreiing. 

Kva skjer vidare?

Det er utval for areal, plan og miljø som skal fatte vedtak om å legge planforslaget ut på høyring og offentleg ettersyn. Administrasjonen har starta arbeidet med å førebu politisk sak til utval for areal, plan og miljø. Tidspunkt for politisk handsaming er per no ikkje fastsett.

Kontaktperson i Alver kommune er:
Tenesteleiar Kristin Nåmdal, plan og analyse
E-post: kristin.namdal@alver.kommune.no

Områdeplan for Langelandskogen

«Områdeplan Langelandskogen er ein offentleg plan som blir utarbeida gjennom eit offentleg- privat samarbeid mellom Alver kommune og Vestland eigedom, med Multiconsult AS som plankonsulent. Planforslag er under utarbeiding basert på vedtatt planprogram.

Oppdatering per oktober 2021: Tenesteområdet plan og analyse v/ Alver kommune og Multiconsult AS har på vegne av Alver kommune og Vestland eigedom levert planforslag til handsaming hos tenesteområdet planforvaltning ved Alver kommune.

 Kontaktpersonar i Alver kommune er:


Sist oppdatert: 06.03.2024
Publisert: 27.03.2020