Kommuneplanen sin arealdel

Foto: Ola Moen 

Takk for innspela

Sjå innspelskartet

Perioden for å komme med konkrete arealinnspel er avslutta. Det har kome inn i underkant av 700 innspel på konkrete areal. Vi har gått gjennom innspela og desse er publiserte i Nordhordlandskart.

Informasjon til deg som har kome med innspel

Eit innspel til kommuneplanen kan vere eit råd, ein idè eller eit ønskje frå innbyggjarane, og er eit viktig kunnskapsgrunnlag for kommunen.

Det er viktig å vere klar over at eit innspel til kommuneplan ikkje er ein søknad og ikkje ei enkeltvedtakssak etter forvaltningslova (fvl) § 2 b.

I kommuneplanprosessen gjeld følgjande:

  • Kommunen har generell rettleiingsplikt etter forvaltningslova § 11.
  • Du har innsynsrett i plansaka sine dokument i samsvar med offentleglova.
  • Du må sjølv følgje saka på kommunen si nettside.
  • Kommunen gjer ikkje eit eige vedtak som gjeld ditt innspel, og du har ikkje krav på grunngjeving ut over det som går fram av plandokumenta og sakspapira.
  • Du har ikkje klagerett, verken på korleis kommunen har vurdert ditt innspel, på kommunen sitt endelege vedtak om å godkjenne planen eller på sakshandsaminga, jf. plan- og bygningslova § 11-15. For meir informasjon om behandling av innspel; sjå «Behandling av innspel».
Metode for grovsiling

Politisk styringsgruppe har i møte 14. desember 2022 og 22. mars 2023, vedtatt ein metode for grovsiling av arealinnspel.

I møte 14. juni 2023 vart det vedtatt eit nytt kriterie for å kunne vurdere innspel på fritidsbustad.

Trykk her for å sjå vedtatt metode for grovsiling av arealinnspel.

Behandling av innspel

Grovsiling av innspel er i prosess. Innspel som er behandla i framlegg til grovsiling er presenterte i dette kartlaget i Nordhordlandskart.

Kartlaget er oppdatert i tråd med politiske vedtak. 

Per februar 2024 er det løfta tre politiske saker med grovsiling:

14. februar 2024 behandla politisk styringsgruppe politisk sak med framlegg til grovsiling av innspel på LNF-spreidd næring og LNF-spreidd.

Trykk her for å sjå den politiske saka – Kommuneplanen sin arealdel for Alver-vedtaksmøte i politisk styringsgruppe 14.02.2024.

Innspel på følgjande arealføremål er grovsilt:

  • LNF-spreidd næring
  • LNF-spreidd

30. august 2023 behandla politisk styringsgruppe politisk sak med framlegg til grovsiling av innspel på fritidsbustad.

Trykk her for å sjå den politiske saka - Kommuneplanen for Alver-framlegg til vedtak-grovsiling av innspel på fritidsbustad

Innspel på følgjande arealføremål er grovsilt:

  • Fritidsbustad

14. juni 2023 behandla politisk styringsgruppe politisk sak med framlegg til grovsiling av innspel på mellom anna bustad. 

Trykk her for å sjå politisk sak og for å sjå vedtaket (Protokoll - Utval for areal, plan og miljø - 14.06.2023).

Innspel på følgjande arealføremål er grovsilt: 

  • Bustad
  • Friområde
  • LNF-spreidd bustad
  • LNF-spreidd fritidsbustad
  • Fritids- og turistføremål
  • Friluftsområde
  • Parkering
  • Innspel på sentrumsføremål, idrettsanlegg, uteopphaldsareal, veg, blå/grønstruktur og innspel på tilbakeføring til LNF

Grovsiling av innspel på følgjande arealføremål vert lagt fram til politisk vedtak seinare i prosessen:

  • Offentleg og privat tenesteyting. Desse skal vere ein del av vurderingane i arbeidet med kommunen sine eigne arealbehov.
  • Næring og kombinert bygg- og anleggsføremål. Vert behandla som eige tema.
  • Innspel i sjø og sjønære områder; til dømes hamn, småbåthamn og naust. Desse blir vurdert samla sett og opp mot rapport for kartlegging av strandsona.
Rettleiing til kartlag i Nordhordlandskart

I arbeidet med grovsiling er det fylt ut eit skjema for kvart innspel, huka av aktuelle kriterie og konkludert med ei tilråding, basert på metode for grovsiling av arealinnspela. På grunn av det store omfanget av innspel, er argumentasjonen i skjema kortfatta.

Viss du meiner at det er feil i vurderingane som er gjennomført, send informasjon til:

Kommunen har ikkje plikt til å løfte opp saka til ny behandling, men vi vil vurdere om informasjonen gjev grunnlag for eventuelle endringar.

Rettleiing til kartet: 

  • Innspel med grøn farge - blir tatt med i det vidare arbeidet
  • Innspel med gul farge - blir tatt med i det vidare arbeidet, etter justering av innspelet
  • Innspel med raud farge - innspelet vert ikkje tatt med i det vidare arbeidet

Trykk her for å sjå kartlaget. 

Sjå "Behandling av innspel" for informasjon om kva innspel som er behandla og kva innspel som vert lagt fram til politisk vedtak seinare i prosessen.

Ny samla vurdering og siling før konsekvensutgreiing og ROS-analyse

Behandling av innkomne innspel er ein del av arbeidet fram mot eit planforslag. Som oppfølging av planprogrammet jobbar vi og med å vurdere endringar i arealføremål som ligg inne i gjeldande planar, og kva endringar som det er fagleg og politisk ønskje om å få inn, for å følgje opp samfunnsdelen.

Det er viktig å understreke at kartlag med grovsiling ikkje er eit endeleg bilete på korleis planforslaget vil kunne sjå ut. 

Kunnskapsgrunnlag og utgreiingar

Kunnskapsgrunnlag
Utgreiingar og fagnotat

Her finn du informasjon om utgreiingar og fagnotat som er utarbeidd i samband med planarbeidet. Lista blir oppdatert fortløpande.

Alle utgreiingar som har ein kartdel, er publiserte på nordhordlandskart.no. For direkte tilgang til det enkelte kartgrunnlag, sjå lenker i tabellen under.

 

Utgreiingar og fagnotat

Om innhaldet
Arealreserver i Alver (juni 2022) Viser ubrukte arealreserver som ligg i dei gjeldande areaplanane for Alver kommune ved oppstart av arbeidet med kommuneplanen sin arealdel. 
Kartlegging av naturmangfald

Fagleg rapport og kartlag som gjev oversikt over kartlagt naturmangfald i Alver kommune.
Trykk her for å sjå kart.

Mulighetsstudie - Nær- og lokalsentra i Alver (desember 2022) Fagleg mulighetsstudie om funksjon og rolle til dei definerte sentra i Alver kommune. 
Notat: Sentrumsutstrekning og vekstsoner i dei 7 sentera Vedteke 14. desember 2022. Trykk her for å sjå kart. 
Rapport for funksjonell strandsone (juni 2023) Fagleg strandsonerapport med kartlegging og fastsetjing av funksjonell strandsone i Alver kommune. Trykk her for å sjå kart.  
Revisjon av kartlagde friluftsområder (mai 2023) Trykk her for å sjå kart.
Plan for Friluftslivets ferdselsårer 2022-2026  Plan som gjev ei samla oversikt over ferdselsårer for friluftslivet. Til dømes turvegar, løyper, stiar og padleløyper kring regionsenteret, dei seks lokal- og nærsentra og skular i Alver kommune. I tillegg er det oversikt over ferdselsårer med særleg høg bruksfrekvens og stort tilretteleggingsbehov utanom desse områda.
Trykk her for å sjå kart.
Temaplan for friluftslivets ferdselsårer-Ro- og padledel  Utviding av temaplan for friluftslivets ferdselsårer. Inneheld kartlegging, synleggjering og betre tilrettelegging på dei mest attraktive utsetjingsstadene for umotorisert ferdsel på sjø, samt ro- og padlerutene i kommunen.  

Grenseverdiar for risiko- og sårbareitsanalyse

 Vedteke 22. juli 2023.

Politiske saker og referat

Politiske saker

Styringsgruppemøte 14. februar 2024

Utval for areal, plan og miljø 30. august 2023

Kommunestyremøte 22. juni 2023

Styringsgruppemøte 14. juni 2023

Utval for areal, plan og miljø 24. mai 2023

Styringsgruppemøte 22. mars 2023

Styringsgruppemøte 14. desember 2022 

Kommunestyremøte 24. november 2022

Styringsgruppemøte 23. november 2022

Utval for areal, plan og miljø 15. juni 2022

Styringsgruppemøte 25. mai 2022

Styringsgruppemøte 6. april 2022

Styringsgruppemøte 26. januar 2022

Møtene blir streama. Trykk her for å sjå dei direkte eller i opptak

Referat frå andre møter 

Plandokument

Oversikt over plandokument knytt til arealplanen

Planprogrammet for kommuneplanen sin arealdel vart vedtatt av kommunestyret i Alver 24. november 2022, (sak 157/22)

Trykk her for å lese vedtatt planprogram

Trykk her for å sjå politisk sak 

Kva skjer til kva tid?

Tidslinje

Førebels tidslinje for hovudaktivitetane i utarbeiding av kommuneplanen sin arealdel.

  • 15. juni 2022: Oppstart av arealdelen
  • Haust 2022 til vår 2024: Utarbeiding av planforslaget
    Utarbeiding av planforslaget: gjennomføre utgreiingar, analysar, samt handsame og vurdere innkomne innspel. Fast orientering i politisk styringsgruppe for planarbeidet i kvart møte i utval for areal, plan og miljø. Heildagsmøte med politisk styringsgruppe 23. november 2022, 14. desember 2022, 22. mars 2023 og 14. juni 2023. Møtekalender for hausten 2023 er per no ikkje fastsett.
  • Haust 2024: 1. gangs handsaming av planforslaget og høyring og offentleg ettersyn. 1. gangs handsaming av planforslag til arealdelen i utval for areal, plan og miljø. Kommunen inviterer til ulike aktivitetar og møter i høyringsperioden. I denne perioden kan alle kome med innspel til planforslaget. Alle innspel vert handsama og vurdert før arealplanen vert vedteke.
  • Vår 2025: Vedtak av kommuneplanen sin arealdel

Organisering

Slik er arbeidet med arealdelen organisert

Utval for areal, plan og miljø er politisk styringsgruppe for arbeidet. Plan og analyseavdelinga har ansvar for å utarbeide planen i tett samarbeid med andre relevante avdelingar i Alver kommune.

Kva er ein kommuneplan?

Fakta om kommuneplanen og arealdelen

Kommuneplanen er kommunen sitt overordna styringsverktøy. Kommuneplanen består av to delar, ein samfunnsdel og ein arealdel. 19. mai 2022 vedtok kommunestyret i Alver samfunnsdelen. Samfunnsdelen seier korleis vi vil utvikle samfunnet, kva vi skal satsa på, kva visjonar og mål vi har for framtida – og kva vi må gjere for å koma dit.

No arbeider vi med kommuneplanen sin arealdel for Alver. Arealdelen består av eit arealplankart, føresegner (bestemmelser) og ei planskildring. Planen seier korleis vi skal utvikle areala våre, kva vi skal leggje til rette for kor i kommunen. Til dømes kor vi skal byggje nye hus, vegar, møteplassar og næring. Arealdelen skal sikre at arealbruken i kommunen bidreg til å bygge opp under mål og strategiar i samfunnsdelen.

Arealdelen til kommuneplanen er juridisk bindande.

I tida fram til Alver kommune får ny kommuneplan er det dei eksisterande overordna planane i dei tidlegare kommunane Lindås, Meland og Radøy som gjeld. Desse er no kommunedelplanar i Alver.

Trykk her for meir informasjon om desse planane.

Har du spørsmål?

Kontaktinformasjon

Prosjektleiar Marte Hagen Eriksrud: 
marte.hagen.eriksrud@alver.kommune.no


Sist oppdatert: 19.03.2024
Publisert: 06.12.2021