Barnehage- og skulebruksplan

Kva skjer til kva tid?

Dette skjer framover

  • 16. april 2024: Levekårsutvalet behandlar forslag til barnehage- og skulebruksplan, og sender planen på høyring.
  • 3. september 2024: Levekårsutvalet skal behandle høyringsinnspela og eit oppdatert planforslag.
  • 19. september: Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak

Dette har skjedd

  • 23. november 2023: Kommunestyret vedtok planprogrammet.
  • 25. oktober–1. november: Norconsult har vore på synfaring på alle dei kommunale barnehagane og skulane
  • 30. juni til 29. september 2023: Planprogrammet var på høyring.
  • 22. juni 2023: Formannskapet behandla revidert planprogram, og gjorde vedtak om oppstart av arbeidet etter innstilling frå utval for oppvekst, kunnskap og kultur
  • 23. februar 2023: Kommunestyret utsette sak om planprogram og bad om eit nytt forslag med breiare mandat og fleire omsyn enn økonomi og struktur.
  • 15. desember 2022: Kommunestyret bestilte ein ny barnehage- og skulebruksplan.
Slik kan du komme med innspel

Prosjektgruppa har henta innspel frå ulike grupper, mellom andre foreldre, elevar, tilsette og leiarar.

16. april behandla Levekårsutvalet i Alver forslag til barnehage- og skulebruksplan

Planen er no sendt ut på høyring.

Fristen for å kome med innspel er 31. mai.

Alle innspel må leverast skriftleg:

I samband med høyringsperioden inviterer vi alle innbyggjarar i kommunen til dialogmøte på fleire stader i kommunen.

Tid og stad

  • 22. april
    • Klokka 17.30 – 19.00: Rossland skule (gymsalen)
    • Klokka 20.00 – 21.30: Kommunehuset på Frekhaug
  • 29. april
    • Klokka 17.30 – 19.00: Ostereidet ungdomsskule (musikkrom)
    • Klokka 20.00 – 21.30: Helsehuset i Knarvik (møterom Nordhordland i 6. etg)
  • 30. april
    • Klokka 17.30 – 19.00: Radøyhallen
    • Klokka 20.00 – 21.30: Lindås barneskule (amfi)
Slik jobbar vi med planen
  • Levekårsutvalet er styringsgruppe for arbeidet.
  • Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak.
  • Kommunalsjef for oppvekst, Kristin Moe, er prosjektleiar.
  • Konsulentselskapet Norconsult er leigd inn for å bidra til utarbeiding av planen.
Kva er ein barnehage- og skulebruksplan?

Planen er kommunen sitt viktigaste verktøy for å planlegge og utforme barnehage- og skulebygg og framtidig struktur.

Den endelege planen skal bidra til ei oppdatert oversikt over dei kommunale barnehage- og skuleanlegga, ei utgreiing av kva endringar kommunen bør gjere og ei vurdering av kva konsekvensar desse endringane kan gi.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med kommunalsjef for oppvekst, Kristin Moe.

Kristin Moe

kommunalsjef, oppvekst

kristin.moe@alver.kommune.no

98 85 72 05


Sist oppdatert: 22.04.2024
Publisert: 29.11.2023