Kunngjering av vedtatt reguleringsplan for Galteråsen næringsområde
I medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 12-12 har Alver kommunestyre den 22.6.2023, i sak 074/23, vedtatt følgjande detaljreguleringsplan:
Galteråsen næringsområde, gbnr. 137/832 mfl. PlanID 46312021002
Hovudføremålet med planframlegget er å regulere eit næringsområde.
Planframlegget omfattar følgjande dokument:
- Plankart - 24.5.2023
- Føresegner - 24.5.2023
- Planskildring m komplett ROS - 24.5.2023
- Konsekvensutredning - 29.3.2023
- Illustrasjonsplan -16.3.2023
- Illustrasjon tilstøtande planer - 24.5.2023
- Terrengsnitt og turveg - 17.3.2023
- Trafikkanalyse - 15.5.2023
- Støyrapport - 3.3.2023
- Massehandteringsplan - 28.2.2023
- Klimarekneskap - 25.4.2022
- VAO-rammeplan - 25.2.2022
- Merknadsskjema oppstart - 25.11.2021
- Merknader oppstart - 22.11.2021
- Merknadsskjema offentleg ettersyn - 24.5.2023
- Uttaler offentleg ettersyn - 20.10.2021
- Saksframlegg 1 ghs - 15.6.2022
- Saksframlegg m planvedtak - 22.6.2023
Om klage og verknad av plan
Vedtaket er eit enkeltvedtak etter reglane i lov om offentleg forvaltning (fvl). Vedtaket kan klagast på til kommunen, jf. fvl. §§ 28-36.
Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er motteke, med mindre anna frist er oppgitt.
Det er nok at klagen er postlagt innan fristen går ut. Klagen skal sendast skriftleg til kommunen:
- Alver kommune, Plan v/Arealforvaltning , postboks 4, 5906 Frekhaug, eller
- som e- post til post@alver.kommune.no
Klagefrist er sett til 24. juli 2023
Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. pbl §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa, jf. pbl § 15-2 og 3.