HjemSkatt, næring og landbrukSøkje bygging av landbruksveg

Søkje bygging av landbruksveg

Du må ha godkjenning av kommunen for å byggje nye eller byggje om landbruksvegar. Når du byggjer må du tenkje på at vegen skal fremje rasjonell landbruksdrift og ta vare på heilskaplege løysingar uavhengig av eigedomsgrenser.

Vi vurderer kva konsekvensar vegen får for natur, kulturminne og friluftsliv. Skal du opparbeide oppstillingsplass eller ein enkel driftsveg som berre fører til små inngrep i terrenget, treng du ikkje godkjenning.

Slik søkjer du

Informasjon om bygging av landbruksveg og søknadsskjema finn du på Landbruksdirektoratet sine sider.

  1. Send ein skriftleg søknad til kommunen.
  2. På førehand må du underrette dei som veganlegget får følgjer for, til dømes naboar og rettshavarar. Opplys i søknaden om at dette er gjort.
  3. Gjer greie for dei driftsmessige og økonomiske fordelane du vil oppnå med tiltaket.
  4. Gjer greie for eventuelle alternative vegtrasear.

Vedlegg til søknaden:

Kartdel som viser (bruk gjerne Nordhordlandskartet):

  • planlagd veg og dekningsområde jamført med eksisterande vegar
  • planlagde massetak i samband med vegbygginga
  • lokaliseringa av alle kjende miljøverdiar i området
  • eksisterande bygningar

Søknaden sender du på e-post til post@alver.kommune.no eller med brev til:

  • Alver kommune
    Postboks 4
    5906 Frekhaug
Kven kan søkje?
  • Landbruksføretak
Krav til søkjar
  • Skal du byggje ein landbruksveg som er meir enn fem kilometer lang, må du ha ei godkjend konsekvensutgreiing før vi kan gjere vedtak.
  • Avkøyrsel frå offentleg veg og velteplassar som blir lagde inn til offentleg veg, skal på førehand vere godkjende av vegmyndigheitene.

I samband med sjølve godkjenninga kan kommunen mellom anna setje vilkår for

  • linjeføring, teknisk utforming og miljømessig tilpassing av vegen
  • skogsdrift (for vegar til skogbruksformål) dersom det er nødvendig for å ta vare på dokumenterte miljøverdiar

Kommunen kan òg setje vilkår som avgrensar motorisert ferdsel på vegen, til dømes at vegen må stengjast med bom.

Kva skjer vidare?
  • Statsforvaltaren skal få høve til å uttale seg før kommunen gjer vedtak. Det gjeld òg kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen.
  • Kommunen gjer vedtak om godkjenninga, set eventuelle vilkår eller nektar at heile eller delar av veganlegget blir bygd.
  • Det blir sett ein frist for når tiltaket skal vere gjennomført. Dersom fristen ikkje blir halden, fell godkjenninga bort.
  • Kommunen skal hente inn dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom vi trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje føl med, kan du få den ved å kontakte kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.
Klage på vedtak

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Kva seier lova?

Dersom hovudformålet med vegen er landbruk, det vil seie at meir enn 50 prosent av nytteverdien av vegen er landbruksrelatert verksemd, skal søknaden behandlast etter forskrift om planlegging og godkjenning av vegar for landbruksføremål. Når hovudføremålet med vegen ikkje er landbruksrelatert verksemd, blir søknaden behandla etter plan- og bygningslova.

 


Sist oppdatert: 10.09.2021
Publisert: 02.08.2018