Praktisk informasjon

Opptak / Re-registrering
  • Søknadfrist/re-registrering til hovudopptak er i år 29.april 2024 og oppstart er i august. Søknadskjema opnar for skuleår 24/25 1. mars.
  • Ved tildelt plass vil du få eige skriv om dette før skuleslutt.
  • Elevar som ikkje får plass, fortsett på ventelista.
  • Vi gjer opptak av ledige plassar gjennom året og sender tilbod om elevplass når det er din tur.

Re-Registrering

Har du:
1) Elevplass og ønskjer å fortsetje?

Då må du re-registrere elevplassen din. Den som betalar for elevplassen vil få e-post om dette etter vinterferien om korleis du går fram.

2) Elevplass og ønskjer å slutte?
Då må du melde ut elevplassen gjennom re-registeringa innan 29.april. Den som er oppført som betalar for elevplassen, vil få e-post om dette om korleis ein gjer det. 

3) Plass på venteliste?
Då må du re-registrere ventelisteplassen din for neste skuleår. Re-registrering vil seie at ein må gi beskjed om ein vil oppretthalde ventelista si eller ikkje. Den som er oppført som betalar, vil få e-post om dette.

Bindingstid
  • Ein elevplass gjeld for eitt kulturskuleår om gongen, og er bindande, også elevbetalinga.
  • Om du ikkje takkar nei til tilbod om plass innan sju (7) dagar, er plassen akseptert og eigendelen vert fakturert.
  • Re-registrering (fornying) av plass er også bindande og neste semester vil då verta rekna som påbegynt, og eigendel vert fakturert.
  • Elevar som av uførutsette årsaker må slutte i løpet av kulturskuleåret, til dømes ved sjukdom, flytting eller andre særskilde grunnar, kan søkje redusert betaling. Kulturskulen har eige skjema (under prisar) gjeldande søknad om redusert eigendel grunna sjukdom. Legeerklæring er obligatorisk.
Utmelding
  • Utmelding må gjerast i speedadmin når re-registreringa vert opna opp i mars.  De vil få informasjon på e-post når det nærmar seg. Frist i 2024 er 29. april.
  • Utmelding i løpet av skuleåret, gir ikkje fritak for betaling av elevplassen. Skal eleven slutte før bindingstida er over, må de sende e-post til kulturskulen@alver.kommune.no., men merk at det ikkje gir fritak for betalinga. (sjå utfyllande info under bindingstid eller reglement).
Leige av instrument

Elevar som søkjer seg på instrumentalundervisning, må ha instrument å øve på heime.

Kulturskulen har nokre instrument til utleige for nye elevar det første undervisningsåret. Det er høve til å leige lenger om det er ledige instrument, men til høgare leigepris.
Fiolin og gitar i redusert storleik leigast ut så lenge eleven treng instrument, til same faste pris.

Vi har desse instrumenta til utleige:

  • El-piano
  • Fiolin
  • Gitar
  • Trekkspel
  • Trommesett
  • Tverrfløyte
  • Xylofon

Leigetakar må betale slitedelar som strengar til strykeinstrument og gitarar. Ved eventuell skade på instrumentet må reparasjonsutgift dekkast av den einskilde leigetakar.

Materiell
  • Elevane må sjølve syte for å kjøpe notar/materiell/kostyme osb. som skal brukast i undervisninga.
  • Elevane betalar sjølve fliser til treblåseinstrument etter behov.
  • Kostnad til materiell/noter o.a. som kulturskulen legg ut, vert fakturert med eigendelen.
  • I faga visuelle kunstfag, teater og dans vert derimot ein fast pris for materiell fakturert saman med eigendel. Sjå prisar.
Reglement

Trykk her for å sjå kulturskulen sitt reglement


Sist oppdatert: 17.04.2024
Publisert: 10.03.2022