HjemKultur og aktivitetFriluftslivAllemannsretten og allemannspliktene

Allemannsretten og allemannspliktene

Allemannsretten

Allemannsretten gjev alle rett til å ferdast fritt og oppholda seg der dei ynskjer i utmark – uavhengig av kven som eig grunnen. Den gjev oss òg rett til å hausta frå naturen, for eksempel saltvannsfisk, bær, sopp og ville blomar.

Friluftslova gjev oss også rett til å ferdast i innmark til fots på veg eller sti som fører til utmark, og på veg eller opparbeida sti som fører til utmark med ride- eller kløvhest, tråsykkel, kjelke eller liknande, med unntak av organisert aktivitet som sykkelløp og rideklubbaktivitet. Ferdselen over innmark må skje utan å passera gjennom gardsplass eller over hustomt eller "uten på annen måte å være til utilbørlig fortrengsel eller ulempe for eier eller bruker".

Les meir om allemannsretten og forskjellen mellom innmark og utmark i friluftslova.

Allemannspliktene

Miljødirektoratet listar opp følgjande punkt som dei kallar "allemannspliktene". Desse pliktene er heimla i friluftslova § 11 Ferdselskultur og eierens bortvisingsrett.

  • ta med deg bosset ditt heim
  • ikkje gå over dyrka mark, gjennom tun eller nær bebudde hus og hytter
  • vis varsemd når du ferdast på fjellet og i skogen
  • ikkje forstyrr dyre- og fugleliv, særlig i yngle- og hekketida
  • ikkje forstyrr husdyr på beite. Lukk grinder etter deg
  • ikkje skada planteliv, og særleg ikkje trua og sårbare artar
  • respekter ferdselsregler i frilufts- og naturvernområde
  • respekter andre brukarar sitt behov for avstand og stillheit
  • ver forsiktig med eld og slokk bålet helt før du forlater det
  • ikkje skad tre når du skal finna ved til bålet – bruk tørre kvistar som du finn på bakken
  • ikkje legg bålplassen rett på svaberget slik at berg sprekk
Sikring av hund 

Hundelova § 6 seier at frå 1. april til 20. august skal hundar haldast i band eller forsvarleg innstengt eller innegjerda. 

Der det er dyr på beite bør hundar haldast i kort line. 

Reglar for bål og grill

I Noreg er det eit generelt bålforbod frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det forbode å tenna opp bål og grill (også eingangsgrill) i eller i nærleiken av skog og anna utmark.

Meir informasjon

Sist oppdatert: 31.03.2023
Publisert: 31.03.2023