Den kulturelle spaserstokken
Innmeldingsfrist
Kommunen arrangerer konsertar og kulturopplevingar på ulike arenaer, både i og utanfor institusjonane.
Driv du med formidling av kunst og kultur og ønskjer å vere ein del av Den kulturelle spaserstokken i Alver kommune?
Kjenner du til gode formidlarar som du meiner bør vere ein del av programmet? Har du eller din organisasjon lyst til å vere med å arrangere ei slik oppleving?
Frist for å kome med forslag til programmet er 1. oktober kvart år.
Alle forslag til programmet må sendast inn gjennom elektronisk skjema. Skjema for 2024 blir tilgjengeleg i august 2023.
Utøvar
Utøvarar i Den kulturelle spaserstokken i Alver kommune vert honorert etter tariffsatsen utarbeidd mellom KS og Creo for Den kulturelle skulesekken.
Ein får honorar per formidlingsdag, og utøvarar må gjennomføre sitt opplegg på to til tre institusjonar per dag, om ikkje anna er avtalt.
Utøvarar får dekka utgifter til køyring/transport mellom institusjonar.
Alver kommune dekker utgifter knytt til ferdig utvikla produksjonar og ikkje til utarbeiding og forarbeid i høve produksjonar. Kommunen dekker ikkje leige av utøvar sitt private utstyr eller reise til kommunen.
Utøvarar må kunne sende faktura i EHF-format.
Kontakt
Det er avdeling for kultur, idrett og frivilligheit som koordinerer arbeidet med Den kulturelle skulesekken i Alver kommune.
Sigrid Fivelstad
Rådgjevar kultur
E-post: sigrid.fivelstad@alver.kommune.no
Telefon: 97 76 41 80