HjemHelse, sosial og omsorgVelferdsteknologi

Velferdsteknologi

Kva er velferdsteknologi?

Velferdsteknologi er tekniske hjelpemiddel og alarmar, som gjer at du kan kjenne deg trygg heime og meistre kvardagen trass sjukdom og nedsett funksjonsevne. Etter at vi starta med velferdsteknologi, har tryggleiksalarm blitt ein del av dette tilbodet.

Teknologien varslar når det skjer ei uønskt hending, og kan førebyggje behovet for andre pleie- og omsorgstenester. Velferdsteknologien kan også bidra til å avlaste pårørande.

Kva type alarmar og hjelpemidlar finns?

Tryggleikskapande teknologi i heimen:

Ein rekke sensorar kan koplast til tryggleiksalarmen etter behov i tillegg til ordinær smykkesendar/alarmknapp. Det er til dømes sensorar som kan gje alarm ved fall, viss nokon går ut av huset om natta eller røykutvikling og brann. Det finns og ein sensor som gjer at lyset blir tent automatisk når ein person reiser seg frå senga om natta, og sløkker når personen har lagt seg. Dette kan forebygge fall.

Lokalisering ute:

Mobile alarmar med GSP-teknologi som gjer at personar med fare for å gå seg bort eller ikkje finne heim kan bli lokalisert av pårørande eller helsepersonell.

Hjelp til å hugse medisin:

Dette er ein dosett eller eit apparat for multidoseposar som varslar når det er tid for å ta medisin. Dersom ikkje medisinen blir tatt, går det eit varsel til helsepersonell eller pårørande.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester

Fordi søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på Rådhuset eller send dei til:

Kva kostar det?
Inntekt Månadspris
Inntekt under 2 G* 215 kroner
Inntekt over 2 G*

461 kroner

*G= grunnbeløpet i folketrygda

Velferdsteknologi er gratis for dei som får velferdsteknologi som erstatning for anna helsehjelp.

Trykk her for oppdatert informasjon om grunnbeløpet på NAV sine heimesider.

Kva får du?
  • du får tryggleiksskapande teknologi som er tilpassa deg og dine behov
  • du får opplæring og informasjon
  • du blir meir sjølvstendig og mindre avhengig av andre
  • du kjem raskt i kontakt med helsepersonell
  • du får kommunal nøkkelboks slik at du kan få hjelp dersom du sjølv ikkje kan låse opp
Krav til søkjar
  • du må bu i Alver kommune
  • du treng hjelp for å kjenne deg trygg heime
  • du kan ha behov for å tilkalle hjelp på grunn av fallfare
  • du kan ha behov for å tilkalle hjelp i naudssituasjonar
  • det må vere mobildekning der du bur

Trykk her for Retningslinje for tildeling av velferdsteknologi

Kva skjer vidare?
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
Kontakt oss

Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Personvern

Det er utarbeidd personvernerklæring for velferdsteknologitenestene i kommunen. 

Trykk her for å sjå personvernerklæringa

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 31.10.2022
Publisert: 25.10.2019