Gonorè

Gonorè er svært smittsamt og vi er bekymra for utviklinga. Difor oppfordrar vi unge til å teste seg og bruke kondom.

Fakta om gonorè

Gonoré er ein seksuelt overførbar infeksjon som smittar lett. Ikkje alle får symptom, og det kan difor vere vanskeleg å oppdage at du er smitta.

Det er svært viktig at du brukar kondom og testar deg viss du har gløymt å bruke kondom. Hugs at det er berre kondom som beskyttar mot seksuelt overførbare sjukdomar, så bruk det i tillegg til anna prevensjon. Bruk også kondom på sexleiketøy.

Meir informasjon om gonorè finn du her:

Visste du at du kan bestille gratis kondomar på helsenorge.no? Trykk her for meir informasjon

Her kan du teste deg gratis

Testing og behandling av gonoré er gratis. Ungdom og unge vaksne opp til 25 år kan teste seg på helsestasjon for ungdom i Alver.

Det er helsestasjon for ungdom både i Knarvik og på Frekhaug.

  • Frekhaug helsestasjon på kommunehuset på Frekhaug har ope tysdagar frå 14.30 til 16.30
  • Knarvik helsestasjon i 3. etasje i helsehuset har ope onsdagar frå 15.30 til 18.30

Du treng ikkje bestille time eller ha avtale for å snakke med helsesjukepleiar eller anna helsepersonell på HFU.

Trykk her for meir informasjon om helsestasjon for ungdom i Alver.

Slik er testen

Gutar kan teste seg med ein urinprøve, mens jenter tar test frå skjeden med ein vattpinne. Du tar testen sjølv. 

Les meir om testen her


Sist oppdatert: 08.03.2023
Publisert: 08.03.2023