Psykisk helse og rus
Dette kan du få tilbod om:
- råd og rettleiing
- personlig oppfølging og samtalar
- kartlegging og motivasjonssamtalar
- tilvising til behandling i spesialisthelsetenesta (avdeling for rusmedisin) - kommunen har ansvar for å følgje deg opp både før, under og etter behandlinga
- gruppetilbod
- hjelp til å lage struktur i kvardagen og finne meiningsfulle aktivitetar
- individuell plan og hjelp til å finne riktige tenester
- sosiale aktivitetar
Når det er naturleg og ønskjeleg kan også dine pårørande bli involvert.
Du må sjølv ønskje og vere motivert for å ta imot behandling. Er du ikkje motivert for eit behandlingsopplegg akkurat no, kan kommunen tilby deg andre støttetiltak.
Målgruppe
- personar busett i Alver kommune
- vi gir og råd, rettleiing og samtalar til pårørande
Samarbeidspartnarar:
- Fastlege
- Legevakt
- Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
- Barnevernstenesta
- NAV
- Spesialisthelsetenesta
- Helsestasjon
- Familievern
Opningstid
Opningstida er frå klokka 08.00 - 15.30.
Kontakt oss
- Psykisk helse:
Cecilie Fersnes Johannesen, avdelingsleiar, telefon: 90 99 11 77 - Rusteam:
Jannice Myrmel-Isaksen, fagkoordinator, telefon: 45 37 61 08
Lenkjer til lovverk og organisasjonar
- Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-1 første ledd, § 3-2 første ledd nr. 4-6.
- Lov om pasient- og brukarrettar § 2-1a.
- Lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern
- Lov om helsepersonell m.v.
- https://rop.no/ropbruker/brukerhjelp/brukerorganisasjoner-stiftelser-og-sosiale-entreprenorer/
- https://psykiskhelse.no/
- https://leve.no/
- https://helsenorge.no/parorende
Sist oppdatert:
27.10.2020
Publisert:
02.12.2019