Gruppetilbod

Om kurset

Kurset byggjer på kognitiv sosial læringsteori og vektlegg at ein ved depresjon har fleire kritiske tankar om seg sjølv, andre og framtida. Døme på slike tankar kan være: "eg er håplaus", "eg kan ikkje stole på nokon" eller -"ingenting nyttar".

Eit viktig element på kurset er å lære, kjenne igjen og endre sjølvkritiske tankar. Eit anna element er å auke aktiviteter, hendingar eller opplevingar som gjev eller har gitt glede. Det tredje elementet er problem knytt til å forhalde seg til andre, og fokus er på korleis ein kan betre evna til å setje grenser for seg sjølv og andre.
 
Kurset er ikkje samtaleterapi, men vi tar opp aktuelle problemområde, og den enkelte arbeider vidare med eigne problem ved å prøve ut metodane/teknikkane dei lærer på kurset i eigen kvardag.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post på vanleg måte.

Trykk her for å få meir informasjon om korleis du kan sende søknaden elektronisk på ein trygg måte.

Du kan også:

  • levere søknaden og vedlegga på innbyggjarservice i Knarvik, på Frekhaug eller Manger
  • sende søknaden med posten til Alver kommune, Forvaltningskontoret, Postboks 4, 5906 Frekhaug
Kva kostar det?

Kroner 500,-

Kva får du?

Kurset går over 10 samlingar, og varar 2,5 time kvar gong. Det vil å bli muligheit for eit oppfølgingstreff etter kurset. Kurset vert som regel heldt på dagtid. Kursstart avheng av talet påmeldte.

Krav til søkjar

Det er eit krav at deltakarane er motiverte. Alle vil bli intervjua før kursstart.
Målgruppa er vaksne over 18 år som har eller har hatt periodar med nedstemthet og symptom på depresjon.

Kva skjer vidare?
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
Kontakt oss

Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00.

Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på vanleg e-post.

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 06.08.2021
Publisert: 11.11.2019