Kreftkoordinator
Kven er tilbodet meint for?
Du kan ta kontakt dersom du:
- Nyleg har fått ein kreftdiagnose
- Er pårørande til ein som har kreft
- Ventar på behandling
- Er under behandling
- Har seinverknader etter kreftbehandling
- Er frisk etter behandling, men har spørsmål om rehabilitering
- Ikkje blir frist og treng hjelp til tilrettelegging av kvardagen
Pårørande kan også ta kontakt. Det same kan samarbeidspartar i kommunen og spesialisthelsetenesta.
Kva kostar det?
Tilbodet er gratis.
Kva kan kreftkoordinatoren hjelpe deg med?
- Vere ein ressursperson for deg som er kreftramma eller er pårørande
- Gi råd og rettleiing om diagnose, behandling og rehabilitering
- Vere ein samtalepartnar, som kan bidra til å sortere tankar i ei vanskeleg tid
- Ha oversikt over og informere om relevante tilbod og tenester, kurs og rehabilitering
- Vere eit bindeledd mellom deg, fastlegen, spesialisthelsetenesta og kommunane, og formidle kontakt til ulike tenester og aktuelle samarbeidspartnarar
- Sikre oppfølging av barn og unge som er pårørande
- Koordinere og leggje til rette for at du og dine får ein best mogleg kvardag heime
- Omsorg ved livets slutt
Sorggruppe
Trykk her for informasjon om sorggruppe-tilbodet i Alver
Trykk her for plakat om sorggruppe
Ressurspersonar kreftomsorg og lindrande behandling, fysioterapi og ergoterapi
- Ergoterapeut
Ressursperson, kreftomsorg og lindrande behandling
Lise Helene Paulsen
Telefon: 40 81 55 47 - Fysioterapeut
Ressursperson, kreftomsorg og lindrande behandling
Jorunn Skaar
Telefon: 47 46 11 38
Trykk her for å lese meir om fysioterapi
Trykk her for å lese meir om ergoterapi
Kontakt oss
Du treng ikkje å søkje eller bli tilvist frå lege eller spesialist. Du som er kreftramma eller pårørande kan ta direkte kontakt på telefon eller e-post. Du kan også be andre om å ta kontakt.
Samtale med kreftkoordinatoren kan skje heime hos deg, på telefon eller kontoret til kreftkoordinatoren.
Kreftkoordinatoren er tilgjengeleg på telefon mellom 09.00 og 15.00 på kvardagar.
- Anne-Britt Hauge
Kreftsjukepleiar
E-post: anne-britt.hauge@alver.kommune.no
Mobil: 40 91 08 89
Du treng ikkje søkje eller bli tilvist frå lege eller spesialist. Du som er kreftramma eller pårørande kan ta direkte kontakt på telefon eller e-post. Du kan også be andre om å ta kontakt.
Samtale med kreftkoordinatoren kan skje heime hos deg, på telefon eller på kontoret til kreftkoordinatoren.
Trykk her for å laste ned informasjonsbrosjyren til kreftkoordinatoren.