Søkje helse- og omsorgstenester
Slik søkjer du
Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse og omsorgstenester
I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.
Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post på vanleg måte.
Trykk her for å få meir informasjon om korleis du kan sende søknaden elektronisk på ein trygg måte.
Du kan også:
- levere søknaden og vedlegga på innbyggjarservice i Knarvik, på Frekhaug eller Manger
- sende søknaden med posten til Alver kommune, Forvaltningskontoret, Postboks 4, 5906 Frekhaug
Søknadsfrist
Vi har søknadsfrist på nokre av helse- og omsorgstenestene våre. Dei fleste tenestene er det ingen søknadsfrist på. Desse søknadane behandlar vi etter kvart som dei kjem inn til oss.
Les meir om tenesta som er aktuell for deg, for å sjå kva som gjeld for nettopp dette tilbodet.
Kva skjer vidare?
- Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
- Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
Kontakt oss
Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00
- Ring oss på 56 37 50 00
- Du kan sende e-post. Trykk her for å lese meir om korleis du sender sikker elektronisk post til kommunen.
Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på vanleg e-post.
Vil du klage?
Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får