Friskliv og meistring

Om friskliv og meistring

Vi tilbyr fleire kurs der fokuset er å meistre sjukdom og belastningar og førebyggje sjukdom.

Alle kursa våre tar utgangspunkt i helsedirektoratet sine tilrådingar, og dei fleste kursa går på ettermiddags- og kveldstid.

Kven bruke tilbodet?

Innbyggjarar som har behov for støtte til å betre helse, førebyggje sjukdom og/eller meistre helseutfordringar. Du treng ikkje ha ein diagnose eller tilvising frå lege for å delta.

Det er stor pågang på friskliv-kurs. Vi oppmodar difor alle som melder seg på om å delta på alle kurssamlingane, så langt det let seg gjere.

Kva kostar det?

Dei fleste kursa våre er gratis, med nokre få unntak.

Det er ein eigendel på 500 kroner for vaksenkurset i livsstilsendring og meistring.

For fallførebyggande grupper gjeld takst for eigendel sett av Helfo.

Kva seier tidlegare deltakarar?

«Kurset har vore ei påminning, eit spark bak i høve til å fokusere på det friske. Akseptere den nye kvardagen, og likevel være aktiv innanfor dei nye rammene».

«Eg har i løpet av kurset fått nyttige verktøy, spesielt vil eg trekkje frem det som går på verdiar, og på å endre åtferd. Eg er blitt meir bevisst på kor viktig det er å sette grenser».

«Eg har begynt å trene regelmessig, og føler at eg har nådd målet om å komme inn i gode treningsrutinar. Kurset har verkeleg våre eit spark bak, og eg er mykje meir aktiv no samanlikna med tidlegare».

Lurar du på noko?

Har du spørsmål til kursa eller lurar du på om det kan passe for deg?

Ta kontakt med oss på telefon: 40 91 04 88, eller
e- post: frisklivogmeistring@alver.kommune.no.


Kurstilbod hausten 2023

Fallførebyggande grupper

Fallførebyggjande treningsgruppe er eit kommunalt helse- og omsorgstilbod som vil hjelpe deg å styrke kroppen og trene balanse. Målet er å førebyggje framtidige fall og konsekvensar av sjukdom.

Kven kan melde seg på?

  • Eldre som bur heime og er over 65 år.
  • Eldre som opplever at dei har utfordringar med balansen
  • Eldre som kan gå 300 meter eller meir med eller utan ganghjelpemiddel.
  • Eldre som har falt, eller er redd for å falle.
  • Eldre som har eit ønske om å auke aktivitetsnivået gjennom trening to gongar i veka.

Kursdatoar for hausten:

  • Fallførebyggande gruppe i Knarvik (helsehuset):
    • Kvar tysdag og torsdag klokka 11.00-12.00 i perioden 22. august til 28. september
  • Fallførebyggande gruppe på Lindås (Lindåshallen):
    • Kvar måndag og torsdag klokka 11.00-12.00 i perioden 16. oktober til 23. november

Trykk her for å melde deg på.

Påmeldingsfrist: 10. august 2023.

Har du spørsmål? 

Kreftrehabilitering

Kreftrehabilitering er ei treningsgruppe for deg som har, eller har hatt kreftsjukdom. Her møter du eit tverrfagleg team som har kompetanse på kreftrehabilitering og seineffektar knytt til behandlingar.

Trykk her for å melde deg på.

Påmeldingsfrist: 15. august 2023.

Lurar du på noko?

Ta kontakt med oss på telefon 40 91 04 88, eller
e-post frisklivogmeistring@alver.kommune.no.

LEV (livsstilsendringskurs for vaksne)

Kurset skal lære deg korleis du meistrar sjukdom og belastningar gjennom endring av levevaner, til dømes ved å balansere kvardagens gjeremål, ete sunnare og vere meir fysisk aktiv.

Kurset baserer seg på helsedirektoratet sine anbefalingar, og er ei kursrekke der kvar kurskveld bygger på kunnskap frå ein tidlegare kurskveld.

I tillegg til kurskveldar vil du også få ein individuell samtale ved oppstart og slutt.

Vi tilrår at du følgjer heile kursrekka frå start til slutt. Kurset går på ettermiddags- og kveldstid.

Planlagte kursdatoar for hausten 2023:

  • Onsdag 13. september, klokka 16.15-19.30
  • Onsdag 27. september, klokka 16.15-19.30
  • Onsdag 11. oktober, klokka 16.15-19.30
  • Onsdag 25. oktober, klokka 16.15-19.30
  • Onsdag 8. november, klokka 16.15-19.30
  • Onsdag 22. november, klokka 16.15-19.30 

Trykk her for å melde deg på.

Påmeldingsfrist: 27. august 2023. 

Ta kontakt med oss på telefon 40 91 04 88, eller
e-post frisklivogmeistring@alver.kommune.no

LEV OPPFRISKING (for deg som tidlegare har deltatt på livsstilsendringskurs for vaksne)

6. september klokka 16.30-18.30 inviterer vi til oppfriskingsdag. Denne dagen er for for deg som allerede har vore på Livsstilsendringskurs, og som berre har behov for ei oppfrisking.

Vi vil repetere tema frå tidlegare kurs og snakke om korleis du kan halde fram med dei gode vanane.

Trykk her for å melde deg på.

Påmeldingsfrist: 25. august 2023. 

Treningsgrupper i medisinsk yoga (fullteikna)

Medisinsk yoga er ein mjuk, men likevel kraftig yoga som passar alle uansett sjukdom eller helseutfordringar. 

Medisinsk yoga er yoga i kombinasjon med skulemedisin. Det er forholdsvis enkle øvingar som du gjer i takt med din pust. Øvingane kan gjennomførast både på matte på golvet eller sittande på ein stol. Vi kombinerer enkle kroppsrørsler pust, konsentrasjonsøvinger og meditasjon. Øvingane er med på å betre kroppshaldning, immunforsvar, auke konsentrasjon, styrke nervesystemet, betre fordøyelsen, betre balansen i stoffskifte med meir.

Forsking visar at medisinsk yoga hjelper mot ei rekkje plagar og sjukdomar. Difor er det naturleg å tilby medisinsk yoga som del av vårt kurstilbod.

Dette er eit diagnoseuavhengig kurs, og du treng ikkje ha noko spesiell sjukdom eller diagnose for å delta.

Å trene medisinsk yoga er også forebyggande, og kan brukast som sjølvutviklingsverktøy. 

Kva kostar det?

Du betalar 150 kroner for kursmateriell - i tillegg til vanleg eigenandel for å delta. Når du har fått frikort betalar du ingenting. 

Når er kurset?

Kurset i medisinsk yoga går over 8 veker, og gå føre seg på helsehuset i Knarvik.

Hausten 2023 set vi opp to grupper (du treng berre melde deg på ei av gruppene): 

  • Gruppe 1: Tysdagar 10.00-11.15 
  • Gruppe 2: Fredagar 12.30-13.45

Kurset går føre seg i veke 36, 37, 38, 39, 40, 42, 43, 44. 

Påmelding

Treningsgruppe i Medisinsk Yoga er no fullteikna og påmelding er stengt.

Har du spørsmål?

Ta kontakt på e-post frisklivogmeistring@alver.kommune.no eller telefon 40 91 04 88.

Vanar for livet - eit familievenleg livsstilskurs

Vanar for livet er eit nytt familiebasert livsstilskurs med eit helsefremjande og førebyggjande fokus. Hausten 2023 vil vi halde kurs til foreldre, og målet er å fremje gode val og levevaner gjennom samtale og erfaringsutveksling med andre familiar.

Det er lagt opp til 4 kursdager/-kvelder. Vi startar i veke 42, og inviterer til kurs kvar 3. veke fram mot jul (siste kursdag/-kveld) blir rett over nytt år. 


Kurset er for foreldre med barn i skulealder  som er busett i Alver kommune (andre NH kommunar kan kjøpe plass på kurset).

Trykk her for å melde deg på.

Påmeldingsfrist 22. september 2023.

Har du spørsmål?

Ta kontakt på e-post frisklivogmeistring@alver.kommune.no eller telefon 40 91 04 88.

Digitalt kurs i røykeslutt

Digitalt kurs i regi av nabokommunane våre Askøy og Bergen. Kurset er for personar som ønskjer å slutte med røyk og snus.

Trykk her for påmelding til kurs i røykeslutt.

Digitalt kurs i tankevirus

Digitalt meistringskurs i regi av nabokommunane våre Askøy og Bergen. Kurset er for personar som ønskjer å bli meir merksame på eigne tankar.

Meir informasjon og påmelding

Trykk her for påmelding til kurs i tankevirus.

Digitalt søvnkurs

Digitalt meistringskurs i regi av nabokommunane våre Askøy og Bergen. Kurset er for personar som har utfordringar knytt til søvn.

 Trykk her for påmelding til søvnkurs.


Sist oppdatert: 20.08.2020
Publisert: 20.07.2020