Kommunal fysioterapeut

Fysioterapi for born og unge

Barn og unge får oppfølging av fysioterapeut i barnehage, på skulen, i eigen heim eller i fysio- og ergoterapitenesta sine kommunale behandlingsstader på Frekhaug, Manger og i Knarvik.

Fysioterapi for vaksne

Du kan få oppfølging av kommunal fysioterapeut i eigen heim, som del av eit institusjonsopphald, eller i fysio- og ergoterapitenesta sine kommunale behandlingsstader på Frekhaug, Manger og i Knarvik.

Slik søkjer du

Fyll ut skjema som passar for deg, og send det til:

  • Fysio- og ergoterapitenesta i Alver kommune
    Postboks 4
    5906 Frekhaug

  • For spørsmål, send gjerne e-post, men unngå sensitive opplysningar
    E-post: fysioergo@alver.kommune.no
Kva kostar det

Born under 16 år og personar som får behandling for godkjent yrkesskade, treng ikkje betale eigenandel hjå fysioterapeut.

Alle andre betaler eigenandel for behandling og oppfølging hjå fysioterapeut. Du betaler eigenandel fram til du når frikort for helsetenester.

Kva kan du forvente av fysioterapeuten
  • Fysioterapeuten foretar ei grundig undersøking av deg
  • Fysioterapeuten utarbeider mål for behandling i samarbeid med deg
  • Fysioterapeuten avgjør behandlingsform og varighet på behandlingen med bakgrunn i ei fagleg vurdering av dine behov
  • Fysioterapeuten samarbeider med din fastlege og andre relevante tenesteytarar
  • Fysioterapeuten skal, etter samtykke fra deg, melde tilbake til din fastlege etter endt behandling
  • Fysioterapeuten følgjer lovar og reglar om taushetsplikt og journalføring.
  • Bistand til å søke om tekniske hjelpemiddel på varig utlån frå NAV hjelpemiddelsentral. Har du behov for hjelpemiddel for ein kortare periode kan du låne dei gratis frå hjelpemiddellageret i kommunen. Trykk her for å lese meir om hjelpemiddellageret vårt.
Kva forventar fysioterapeuten av deg
  • At du er delaktig i å sette mål for behandling
  • At du engasjerer deg aktivt i behandlingen
  • At du gir beskjed hvis du er hindra frå å gjennomføre avtalt time
Kontakt oss

Trykk her for kontaktinformasjon til kommunale fysioterapeutar

Besøksadresser
  • Fysio- og ergoterapitenesta i Knarvik
    Region Nordhordland Helsehus,
    Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
  • Fysio- og ergoterapitenesta Frekhaug
    Havnevegen 28, 5918 Frekhaug

 


Sist oppdatert: 16.04.2024
Publisert: 16.04.2024