Fallførebyggjande gruppe

Kva er fallførebyggjande gruppe?

Alver kommune satsar helsefremjande og førebyggjande tiltak. Fysio- og ergoterapitenesta tilbyr trening i fallforebyggande grupper.

Vi tilbyr:

  • Målretta trening av balanse og styrke
  • Individuelt tilrettelagt gruppetrening to gonger i veka i 6 veker
  • Heimebesøk for deltakar ved behov

Kvart halvår blir det tilbod om to parallelle gruppetilbod, eit i Knarvik og eit på Lindås. Treningsgruppene vil finne stad 2 gongar i veka i 6 veker.

Det er stor pågang på treningsgruppene, og vi ser difor at du som melder deg på har intensjon om å delta på samtlige treningsøkter så langt det let seg gjere.

Kven kan melde seg på?
  • Eldre som bur heime og er over 65 år
  • Eldre som kan gå 300 meter eller meir med eller utan ganghjelpemiddel
  • Eldre som har falt, eller er redd for å falle
  • Eldre som har eit ynskje om å auke aktivitetsnivået gjennom trening to gongar i veka
Kursdatoar hausten 2023

Kursdatoar for hausten 2023:

  • Fallførebyggande gruppe i Knarvik (helsehuset):
    • Kvar tysdag og torsdag klokka 11.00-12.00 i perioden 22. august til 28. september
  • Fallførebyggande gruppe på Lindås (Lindåshallen):
    • Kvar måndag og torsdag klokka 11.00-12.00 i perioden 16. oktober til 23. november
Slik melder du deg på

 

Trykk her for å melde deg på.

Påmeldingsfrist: 10. august 2023.

Har du spørsmål? 

Sist oppdatert: 21.06.2022
Publisert: 21.06.2022