Spesialpedagogisk hjelp
Slik går du fram
Du kan be om spesialpedagogisk hjelp heile året.
- PP-tenesta vurderer om det er behov for spesialpedagogisk hjelp.
- Kommunen gjer eit enkeltvedtak.
- Det er kommunen som er ansvarleg for å gje den spesialpedagogiske hjelpa uavhengig av om barnet har plass i kommunal eller privat barnehage.
- Føresette til barn i barnehagealder: Trykk her for tilvising
Kva kostar det?
Tilbodet er gratis.
Kva får du?
- Tidleg hjelp og støtte til utvikling og læring av til dømes språklege og sosiale ferdigheiter.
- Vi kan gje hjelpa enkeltvis eller i gruppe.
Kven gjeld tilbodet for
- Barnet ditt må vere mellom 0-6 år.
- Barn i skulealder kan også få spesialundervisning. Trykk her for å lese meir om spesialundervisning for elevar i grunnskulen.
Kva seier lova?
Trykk her for å lese meir om retten til spesialpedagogisk hjelp i barnehagelova § 31.
Sist oppdatert:
19.08.2020
Publisert:
30.05.2018