Finn fram lusekammen
Folkehelseinstituttet oppmodar skular og barnehagar til å arrangere kampanje mot hovudlus i veke 10 og 35. Dersom sjekk og behandling for lus skjer samstundes, ser det ut til å redusere hovudlusbestanden over tid.
Trykk her for video om korleis ein blir kvitt hovudlus
Trykk her for brosjyre om hovudlus
Viktig med felles sjekk
Hovudlus er et tilbakevendande problem i skular og barnehagar, og om lag 1–2 prosent av alle born i Norge har til ei kvar tid lus. Dersom alle sjekkar seg og dei med lus behandlast på same tidspunkt, vil det bidra til å redusere antall hovudlustilfelle over tid.
Det beste er å gjennomføre sjekk med lusekam minimum ein gong i månaden, slik at ein oppdagar lusa tidleg og minimerer risikoen for å smitte andre.
Bør varsle vener
Dersom ein oppdagar hovudlus, bør behandlinga starte med det same. Foreldre eller føresette som oppdagar lus, bør varsle skulen eller barnehagen slik at dei igjen kan varsle andre føresette om å vere meir merksam på hovudlus.
Også foreldra til dei nærmaste venene av bornet bør få beskjed. Dersom det blir oppdaga lus i barnehage eller skule er det ikkje naudsynt å sende bornet heim.