Tilrettelegging i barnehage

Dette kan mellom anna gjelde for barn som:

  • av ulike årsaker ikkje har utbytte av det spesialpedagogiske tilbodet i barnehagane der barnet bur
  • har foreldre med ei «vesentleg større byrde» knytt til skyss samanlikna med andre foreldre

Vesentleg større byrde kan bety at den spesialpedagogiske hjelpa må gjevast langt frå heimen fordi barnet ikkje har utbytte av det spesialpedagogiske tilbodet i barnehagane der barnet bur.

Vesentleg større byrde kan også vere at barnet må ha med seg mykje spesialutstyr i barnehagen. Det kan bli lagt vekt på andre praktiske og/eller økonomiske forhold, når rett til skyss til barnehage vert vurdert.

Dersom foreldre vel å køyre barnet sjølv, kan dei søkje om kilometergodtgjering. Foreldre kan få godtgjersle når det spesialpedagogiske tilbodet må gjevast i en barnehage utanfor kommunedelen eller nærområdet barnet bur i.


Foreldre må sjølv søkje om skyss. Søknad må sendast eDialog Alver oppvekst og innehalde desse opplysingane:

  • Namn og fødselsnummer på barnet
  • Kontaktinformasjon føresette
  • Namn på barnehage
  • Har eleven vedtak etter LOB §§ 31 eller 37?
  • Grunngjeving for søknad om skyss

Trykk her for å sende søknad via e-Dialog


Vedtak om skyss vert fatt av stab oppvekst, og gjeld for eitt barnehageår om gangen.

Det er ingen søknadsfrist for skyss til barn som går i barnehage.

Trykk her for lov om barnehage - rett til skyss til spesialpedagogisk hjelp


Sist oppdatert: 15.11.2023
Publisert: 15.11.2023