HjemNyheiterVelkommen til informasjonsmøte om Knarvik hovudreinseanlegg

Velkommen til informasjonsmøte om Knarvik hovudreinseanlegg

I samband med varsla oppstart av detaljreguleringsplan, inviterer vi til ope informasjonsmøte i kantina til Nordhordlandshallen torsdag 11. april klokka 18-20.
Publisert: 04.04.2024
Sist endra: 04.04.2024

På møtet får du vite meir om det nye hovudreinseanlegget og planprosessen. Representantar frå forslagsstillar og plankonsulent er med på møtet.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for nytt hovudreinseanlegg ved Øvre Kvassneset i Knarvik. I tillegg skal det leggjast til rette for eit pumpehus lengre mot sør og nærmare fjorden. I samband med tilkomstveg til pumpehuset vil ein planlegga for universelt utforma møteplassar i grøntområde ned mot fjorden.

Det er varsla oppstart av detaljreguleringsplan for Knarvik hovudreinseanlegg og frist for å kome med innspel er 1. mai.