Få gratis service på sykkelen og møt brannbamsen Bjørnis

No har du sjansen til å få sykkelen klar til våren og til aktivitetskampanjen Sykle til jobben.
Publisert: 18.04.2024
Sist endra: 18.04.2024

Tysdag 23. april er du velkommen til Frekhaug ved BUA, og torsdag 25. april møter du oss på Manger ved BUA. Begge dagar klokka 17 til 19. 

Vi gir sykkelen din ein enkel service – heilt gratis. Det blir hornmusikk, sykkelferdigheitsløype for barn, og brannbilen kjem saman med brannbamsen Bjørnis både på Frekhaug og Manger (med mindre dei må på utrykking).

Velkommen!

Ein aktivitetskampanje for alle

Aktivitetskampanjen Sykle til jobben varer frå 3. mai til 16. juni. Påmelding er gratis for alle innbyggarar i Alver og dei andre kommunane i Miljøløftet.

Alle kan vere med, all aktivitet tel, og alle som registrerer aktivitetane sine er med i trekninga om fine premiar.

Blir du med? Meld deg på i dag.