Feil på veg

Kommunale vegar

Kommunen skal sikre at det kommunale vegnettet er framkommeleg og trygt å ferdast på. Vedlikehaldet omfattar køyrebana, vegskråningar og dreneringssystem. Typiske vedlikehaldsoppgåver er reinhald, klipping av vegetasjon, vegoppmerking og skilting, brøyting og strøing om vinteren.

Kven skal eg kontakte?

Sjekk ut vegkart for oversikt over type veg

Når du har forstørra kartet tilstrekkeleg kan du klikke på vegen du lurer på. Du vil få opp ei vegreferanse. 

  • KV = kommunal veg
  • FV = fylkesveg
  • RV = riksveg
  • EV = Europaveg

Dersom det er ein kommunal veg kan du kontakte Meland kommune.

Dersom det er ein fylkes-, riks- eller europaveg kan du kontakte Statens vegvesen. Det er Fylkeskommunen som sørgjer for fylkesvegane. Feilmelding på fylkesvegar kan også sendast via FiksGataMi

Anna informasjon

Informasjon om kva vegar og bruer tåler av belastningar kan du finne i Veglistene

Kontakt


Sist oppdatert: 06.11.2018
Publisert: 25.05.2018