Trafikksikring

Tiltaksplan for trafikksikring

Meland kommunestyre har 8. mars 2017 vedteke ein tiltaksplan for trafikksikring for 2017-2020. Planen skal legge grunnlaget for målretta og systematisk trafikksikringsarbeid i Meland kommune. Målet er å få færre trafikkulukker og auka tryggleik i trafikken. 

 

Dei spesifikke trafikksikringstiltaka er lista opp i handlingsdelen av trafikksikringsplanen. Det vil bli fremma ein eigen årleg handlingsplan for Utval for drift og utvikling (UDU) som vil vedta kva tiltak som skal prioriterast kvart år med utgangspunkt i tiltaka i handlingsplanen og vedteke budsjettramme.


Innspel til trafikksikringstiltak

Dersom du har innspel til trafikksikringstiltak kan desse sendast til:
Meland kommune
Postboks 79
5906 Frekhaug

eller på e-post til:
postmottak@meland.kommune.no

Legg gjerne ved kart som viser tiltaket.

Kontakt


Sist oppdatert: 28.11.2018
Publisert: 18.06.2018