HeimVeg, vatn, avløp og bossVegBrøyting og strøing

Brøyting og strøing

I vintersesongen er det i alt 6 bilar og traktorar til disposisjon. Arbeidet er fordelt på 4 brøyteområde og 3 område for strøing. Kommunen brukar både eigne tilsette og innleigde sjåførar.

Brøyting og strøing skal gjennomførast så snart som mogleg når værforholda tilseier det.

Prioritering av strekningar

Følgjande kriterie ligg til grunn for prioritering av strekningar:

  1. Vegar der det går kollektivtrafikk, parkeringsplassar i tilknyting til kollektivsystemet og Frekhaug senter
  2. Parkering for helsetenester, gang og sykkelveg for skulevegar, fortau langs Havnevegen frå Frekhaug kai til busshaldeplass og hovudvegar i bustadfelt
  3. Stikkvegar i bustadfelt og vegar i grisgrendte strøk.

Når vert det brøyta og strødd?

Brøyting og strøing vert sett i gong etter ei fagleg vurdering. Utgangspunktet for brøyting er snøfall på 8-10 cm, eventuelt tidlegare. Ved snøfall om natta skal vegar med høg prioritet ha som mål å vere gjennombrøyta til klokka 07.00 på yrkesdagar og klokka 08.00 på helgedagar. Ved større snøfall vil brøyting ta lengre tid. Dei høgst prioriterte vegane (punkt 1 og 2) vert brøyta og/eller strødd etter ei fagleg vurdering av behov og standard heile døgnet, medan brøyting og strøing på resten av vegnettet i størst mulig grad vert søkt utført på dagtid og elles når snømengden er over 8-10 cm. Brøyting kan også starte på lågare snømengder når dette er fornuftig totaløkonomisk (til dømes før omslag til regn, våt snø og så vidare). Det kan også vere aktuelt å strø før væromslag for å unngå is i vegbana.

Forventningar vi har til deg

  • Bilar må ikkje parkerast i vegen slik at dei er til hinder for brøytebilar. Brøytemannskap har ordre om å ikkje "presse seg fram" i vegar der parkerte køyretøy fører til at det kan oppstå skader. I slike tilfelle vil vegane ikkje bli brøyta/strødd.
  • Bosspann må takast inn snarast mogleg etter tømming slik at dei ikkje er til hinder for brøyting og strøing.
  • Den enkelte grunneigar har sjølv ansvar for å strø og måke sin avkøyrsel, og fjerne eventuelle brøytekantar i avkøyrselen etter den kommunale vegen er brøyta. Nokre stader er det plassert ut strøkassar, kommunen oppfordrar til at desse vert brukt. Langs det kommunale vegnettet er det kommunen som har ansvar for å fylle desse etter behov.
  • Vegnettet må ikkje brukast som akebakkar då det lett kan oppstå farlege situasjonar.

Kva kostar det?

Brøyting og strøing er ein del av det generelle tenestetilbodet til kommunen utan ekstra kostnader for innbyggjarane.

Kven skal eg kontakte?

Sjekk ut vegkart for oversikt over veghaldar 

Når du har forstørra kartet tilstrekkeleg kan du klikke på vegen du lurar på. Du vil då få opp ei vegreferanse:

  • KV = kommunal veg
  • FV = fylkesveg
  • RV = riksveg
  • EV = Europaveg

Dersom det er ein kommunal veg kan du kontakte Meland kommune.

Dersom det er ein fylkes-, riks- eller Europaveg kan du kontakte Statens vegvesen.

Kontakt

Spørsmål om brøyting og strøing på kommunale vegar kan meldast til resepsjonen på dagtid (klokka 08.00 – 15.30) på telefon: 56 17 10 00, eller på teknisk vakttelefon utanom arbeidstid, mobil: 90 09 26 43.


Sist oppdatert: 06.11.2018
Publisert: 18.06.2018