HeimVeg, vatn, avløp og bossVegAvkøyrsel frå kommunal veg

Avkøyrsel frå kommunal veg

Kva er søknadspliktig?

Skal du byggje, endre bruk eller flytte ein avkøyrsel frå kommunal veg, må du søkje kommunen om godkjenning. Dersom det er snakk om utvida/endra bruk av eksisterande avkøyrsel gjeld same krav som ved bygging av ny avkøyrsel.

Merk at dersom avkøyrselen er ein del av ei byggesak vert den behandla i byggesaka. Gjeld det avkøyrsel frå fylkesveg og riksveg, sender du søknad til Statens vegvesen.

Krav til avkøyrsel 

Før du søkjer

Når det skal byggast ein avkøyrsel frå ein kommunal veg, er det viktig at denne vert bygd slik at trafikktryggleiken for alle som ferdast langs vegen vert ivareteke. Det vert stilt krav til frisikt, svingradius og lengdeprofil når det skal byggast nye avkøyrsler.

Avkøyrselen må halde seg til arealdel eller reguleringsplan i kommunen og dei retningslinjene som er gjevne av staten og kommunen. Oversikt over planar i kommunen kan du finne i Nordhordlandskart.

Dersom området ikkje er regulert, eller det ikkje er planar for avkøyrsel i planen, skal søknaden behandlast etter føresegnene i Veglova (§§ 40-43 og § 13) med aktuelle forskrifter.

For utforming sjå spesielt:

Slik søkjer du

Søknaden skal innhalde:

  • Skildring av planlagt tiltak
  • Situasjonskart i målestokk 1:500, der plassering av bygg vert vist og avkøyrselen vert teikna inn med bredde, frisikttrekant og svingradius
  • Teikning av avkøyrselen sin lengdeprofil i målestokk 1:500/1:100 (inkludert fall/stigning dei første 5,5 m frå skulderkant på den kommunale vegen). Sjå krav til avkøyrsel.

Meland kommune vil handsame søknaden når den er komplett. Dersom kommunen treng ytterlegare opplysningar og dokumentasjon vil du få beskjed om dette.

Søknaden skal sendast til:

Meland kommune v/PUK
Postboks 79
5906 Frekhaug

eller på e-post til: postmottak@meland.kommune.no

Handsamingstid

Kommunen skal behandle søknader om avkøyrsel knytt til kommunal veg så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du få eit førebels svar om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klage på vedtak

Dersom søknaden blir avslått, kan du klage på vedtaket. Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen skal sendast til kommunen, og må vere grunngjeven. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.

Dersom søknaden er behandla etter plan- og bygningslova, kan du klage til Fylkesmannen. Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom saka er behandla etter veglova, er det kommunen si eiga klagenemnd som er klageinstans. Før klageinstansen behandlar saka, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, går saka vidare til klageinstansen.

Kontakt

Les meir

Sjå brosjyre om frisiktkrav med meir

Andre aktuelle lovar og forskrifter


Sist oppdatert: 28.11.2018
Publisert: 18.06.2018