Separering

Plikt til å separere avløpsleidningar

Når kommunen legg om sine leidningar frå felles overvatn- og avlaupsleidning til separate leidningar, blir eigedomar i same område pålagt å gjennomføre tilsvarande omlegging for sine private leidningar. Kommunen sitt høve til å krevje at eigar separerer sin avløpsleidning, går fram av forureiningslova § 22 andre ledd.

Kvifor to avløpsleidningar?

Med felles leidning for overvatn og avløpsvatn, går alt vatnet til næraste reinseanlegg. Etter ei separering, kan regn- og smeltevatnet i overvassle idningane førast direkte ut i næraste bekk eller sjø. Dette avlastar det kommunale reinseanlegget og reduserer driftskostnadene.

Arbeidet med å separere leidningane

For å redusere kostnadane du får med dette, tilrår vi deg å utføre arbeidet samtidig med kommunen sitt anleggsarbeid. Du kan avtale med entreprenøren som separerer den kommunale hovudleidningen, at vedkommande skal utføre
arbeid på din leidning. Det er Nortrans Veg og Anlegg AS som er entreprenør og Skarsvåg rør og interiør AS som er røyrleggjar på kommunen sitt anlegg. Innanfor anleggsområde til den kommunale leidningen er det berre kommunen sin entreprenør som kan utføre arbeid. 

Dersom du har ein gammal vassleidning i same grøft, kan det vere gunstig å skifte denne samtidig. Dersom leidningane kjem til å berøre naboeigedomar, må du få løyve frå eigaren før arbeidet setjast i gong. Rett til å ha leidningar liggande på naboen sin grunn skal tinglysast hos Kartverket.

Søknad

Meland kommune har bestemt at det er unntak for søknadsplikt etter plan- og bygningslova § 20-5 bokstav g, under føresetnad av at arbeidet vert gjort av godkjent føretak. Når arbeidet er gjennomført må du sende tilbakemelding om utført arbeid. Dette skjemaet vil du få tilsendt saman med pålegget om separering.

Kostnadar

Som huseigar er det ditt ansvar å koste separering av dine leidningar når kommunen legg om sine.

Handtere takvatn på eigen tomt

På nokre eigedomar vil det vere svært krevjande å leggje nye leidningar for takvatnet, fram til kommunalt separatsystem. Kommunen vil i desse tilfella berre setje krav om at takvatnet vert fråkopla avløpsleidninga og at vatnet vert teke hand om på eige tomt. Fråkoplinga skal dokumenterast ved utfylling av skjema som må sendast til kommunen. Det er viktig å føre vatnet vekk frå grunnmur for å unngå fuktskader. Grunneigar er også ansvarleg for at vatnet ikkje skapar ulemper for nabotomter. Kommunen gjer merksam på at jordsmonnet i Meland kommune generelt sett er dårleg eigna til infiltrasjon fordi det som regel består av tette massar. Kommunen vil difor sterkt tilrå flest mogleg å kople takvatnet inn på den nye kommunale overvassleidninga.


Sist oppdatert: 08.10.2018
Publisert: 13.06.2018