Boss

Når du flytter til ein ny bustad, har du sjølv ansvar for å skaffe dei bossdunkane som du treng til ditt avfall. NGIR har tre avfallsdunkar som standard:

  • Ein til bioavfall (140 l)
  • Ein til papir og papp (140 l)
  • Ein til restavfallet (140 l)

Dersom du treng større dunk for restavfall og papir, kan du bestille det hos NGIR. For plastemballasje får du utdelt blanke plastsekker som du set ut ved sida av papirdunken din. Dersom du ønskjer å kompostere matavfallet, kan du inngå avtale om heimekompostering.

Kva kostar det?

Renovasjon for hushald

Prisar 2018
  Pris
Renovasjonsgebyr bustad (140 liter) kr 4 360,-
Tillegg for stor restavfallsdunk (240 liter) kr 400,-
Rabatt for restavfallslevering kvar 4. veke kr 400,-
Rabatt for heimekompostering kr 500,-

Tømmekalendar

Tømmekalendar finn du her.

Gjenvinningsstasjonen på Mjåtveit

På denne stasjonen kan du levera alle typar avfall, bortsett frå bilvrak og bildekk. Næringsavfall kan berre leverast i Kjevikdalen.

Adresse: Mjåtveit næringspark, Rosslandsvegen 392, 5918 Frekhaug.

Opningstider

  • Onsdag: klokka 13.00 - 19.00
  • Laurdag: klokka 09.00 - 15.00

Sorteringsguide

Sjå sorteringsguide her.

Kontakt

 


Sist oppdatert: 06.11.2018
Publisert: 18.06.2018