Skulehelsetenesta
Alle barn og unge i kommunen har krav på skulehelseteneste ved den skulen dei høyrer til. Skulehelsetenesta er ei forlenging av helsestasjonstilbodet og arbeider for å fremje barn si helse og trivsel, samt førebygge sjukdom og skade. Tilbodet er gratis.
Helsesjukepleiar har fast kontortid ved kvar enkelt skule og kan kontaktast direkte.
Helsesjukepleiarar på dei ulike skulane
Skule | Helsesjukepleiar | E-post |
Rossland barneskule | Kjersti Soldal | kjersti.soldal@meland.kommune.no |
Rossland ungdomsskule | Charlotte Lunner | charlotte.lunner@meland.kommune.no |
Vestbygd skule |
Bente Monstad Olsen |
|
Sagstad skule |
Siv Mjelstad
|
siv.tveit.mjelstad@meland.kommune.no
|
Grasdal skule | Maria Skjelanger | maria.kristine.skjelanger@meland.kommune.no |
Meland ungdomsskule |
Maria Skjelanger Bente Monstad Olsen |
maria.kristine.skjelanger@meland.kommune.no |
Danielsen ungdomsskule |
Kjersti Soldal Charlotte Lunner |
Helsesjukepleiar samarbeider med mange ulike faggrupper etter behov. Alle skular har kontaktpersonar med helsefagleg, sosialfagleg og pedagog/psykologisk kompetanse.
Skulehelsetenesta gjev tilbod om:
- Helseundersøkingar, helseopplysning og rettleiing, individuelt, i grupper eller klassevis
- Barnevaksinasjonsprogrammet
- Helsesjukepleiar deltek fast på møter i skulens helseteam. I samarbeid med skulen kallar vi inn alle elever med høgt fråvær til samtale
- Saman med skulen sitt øvrige personale har skulehelsetenesta ansvar for å følgje opp elevar med spesielle behov og tilretteleggje forholda best mogleg
- Miljøretta tiltak med fokus på eleven sitt arbeidsmiljø
Med dei føresette si tillating overførast barnet sin journal frå helsestasjonen til skulehelsetenesta, og seinare ved overgang til ungdomsskulen eller ved flytting til ny skule.
Hvis du har flytta ønskjer vi at du tek kontakt med din tidlegare helsestasjon eller skulehelseteneste, slik at journalen til barnet ditt blir sendt til helsesjukepleiar ved den skulen barnet tilhøyrer no.