Alver PPT

PP-tenesta

Målet er at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. PP-tenesta skal også hjelpe barnehagar og skular med kompetanse- og organisasjonsutvikling, slik at dei legg til rette for barn og elevar med særskilte behov.

PP-tenesta sitt mandat er regulert i  opplæringsloven § 5-6 og barnehageloven § 33.

PPT skal hjelpe barnehagar og skular i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for barn/elevar med behov for særskilt tilrettelegging. PPT skal sørgje for at det vert utarbeidd sakkunnig vurdering (§5-1 og §31) der lova krev det. Departementet kan gje forskrifter om dei andre oppgåvene til tenesta.

Kva gjer PP-tenesta?

Barn/elevar kan på eit eller anna tidspunkt i utdanningsløpet trenge ekstra hjelp og støtte i kortare eller lengre periodar. Døme på særskilte behov kan vere:

  • språk- og kommunikasjonsvanskar
  • konsentrasjonsvanskar
  • sosiale- og emosjonelle vanskar
  • åtferdsvanskar
  • syn- og høyrslevanskar
  • lærevanskar eller fagvanskar
  • lese- og skrivevanskar
  • matematikkvanskar
  • ulike typar utviklingsvanskar

Barnehagelova og Opplæringslova fortel ikkje kva særskilte behov som kvalifiserer til spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning. Det er ikkje avgjerande med diagnose, og PPT må vurdere i kvart enkelt tilfelle kva som er behovet.

PPT skal også gjere sakkunnige vurderingar ved søknad om tidleg eller utsett skulestart og spesialundervisning for vaksne med særskilte behov.

Foreldrerettleiing

Alver kommune tilbyr gratis COS-P, DUÅ, ICDP og kurs for tenåringsforeldre.

Trykk her for informasjon om tilboda

Korleis arbeider vi i PPT?

Alver PPT har jamlege møte med alle barnehagane, skulane og vaksenopplæringa i kommunen kor vi arbeid i saman for å utvikle tilbodet til born og elevar. Der drøfter ein også tiltak i forhold til barn/elevar/vaksne. Tiltaka kan vere innanfor det ordinære barnehagetilbodet/opplæringstilbodet. Dersom barnet eller eleven sine behov ikkje kan løysast innanfor det ordinære, kan PPT gjere ei sakkunnig vurdering ved å kartleggje barnet sine utfordringar, og uttale seg om behova.

Har du eit born som ikkje har eller kan få utbytte av barnehagetilbodet/opplæringstilbodet, kan han eller ho ha rett til spesialundervisning. Hos den vaksne er kravet at det tilbodet ein set i gang, skal gjere ei vesentleg endring for personen.

PPT samarbeider med andre kommunale tenester som til dømes helsestasjon/skulehelsetenesta, kommunepsykolog og barnevern. Samarbeidspartnarar utanfor kommunen er til dømes Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk for Nordhordland (BUP) og Statped Vest.

Tilvising til Alver PPT
  • Tilsette i barnehage: Trykk her for tilvising
  • Føresette til barn i barnehagealder: Trykk her for tilvising
  • Tilsette i grunnskulen: Trykk her for tilvising
  • Føresette til barn i grunnskulen: Trykk her for tilvising
  • Utsett/framskutt skulestart: Trykk her for tilvising
  • For vaksne: Trykk her for tilvising
  • Barnehage eller skule gjer sine undersøkingar og prøvar ut tiltak.
  • Dersom tiltaka ikkje hjelper barnet ditt, tar barnehagen/skulen kontakt med PPT og drøftar saka i eigne møte. PPT gjev råd om vidare tiltak, og vurderer eventuelt behovet for spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning. I ei sakkunnig vurdering, som byggjer på kartlegging av barnet sine styrker og utfordringar, vert det gjeve råd til kva type tilbod barnet ditt bør få.
  • Som føresett vert du etter tilmelding kalla inn til ei inntakssamtale, der ein går gjennom utviklingshistoria til barnet, innhaldet i tilmeldinga og legg plan for løpet vidare.
  • Dersom den sakkunnige vurderinga konkluderer med rett til spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning, skal føresette sende søknad til barnehagen/skulen – dette vil den enkelte eining gje nærare opplysningar om.
Kontaktinformasjon

Postadresse:

Besøksadresse:

  • Region Nordhordland Helsehus
    Kvassnesvegen 40,
    3. etg. Inngang A

Treng du kontakt med oss?

  • Ring innbyggjarservice på 56 37 50 00, så set dei deg i kontakt med oss.
Vidaregåande skule

Elevar i vidaregåande skule må vende seg til den fylkeskommunale tenesta.

Trykk her for å lese meir på fylkeskommunen sine heimesider

 

Informasjonsbrosjyrar og lenkjer

Dysleksi

Digital lese- og skrivestøtte for elevar med og utan dysleksi.pdf

Dysleksi - Rettar i opplæringa.pdf

Korleis søkje NAV hjelpemiddelsentral om programvare

Støttesystem for styrarar og rektorar

Informasjonsbrosjyre om team læringsmiljø.

Skjema for oppdrag til team læringsmiljø.


Sist oppdatert: 09.10.2023
Publisert: 07.11.2019