HeimSkule og utdanningMobbing i skulen

Mobbing i skulen

Blir du mobba?

Alle elevar har rett til å ha det bra på skulen. Dersom du blir krenka eller mobba, er det viktig at du seier ifrå til nokon om det. Du vel sjølv kven du vil snakke med. Du kan til dømes ta kontakt med ein lærar, helsesøster, foreldre, venner, trenarar eller andre du kjenner.

Blir barnet ditt, eller andre barn, mobba?

Ta kontakt med skulen.

Dersom ditt eige eller andre barn du kjenner blir mobba, ta kontakt med skulen og be om eit møte med kontaktlærar og/eller rektor. Du kan ringje eller sende e-post. Dette gjeld også dersom det er ditt barn som mobbar andre barn.

Ved alvorlege krenkingar kan du også ta kontakt med politiet. Du kan tipse politiet om det som skjer med deg eller nokon du kjenner. Du kan også melde saka.

Skulen si aktivitetsplikt

Skulen si aktivitetsplikt er skjerpa inn, som betyr at alle tilsette på skulen har plikt til å følgje med, gripe inn, undersøkje saka, varsle og gjere tiltak.

Aktivitetsplikta er delt i fem:

  1. Plikt til å følgje med
    Plikta startar ved mistanke eller kunnskap om at ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen. Det er ei plikt for den einskilde å vere årvaken og aktivt observere korleis elevane agerer kvar for seg og seg imellom.

  2. Plikt til å gripe inn
    Alle skal gripe inn ved krenkingar. «Gripe inn» skjer med ein gong og er retta mot å stoppe ein situasjon.

  3. Plikt til å varsle
    Rektor skal varslast ved all mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Rektor skal varsle skuleeigar i alvorlege tilfelle.

  4. Plikt til å undersøkje
    Plikta startar når ein har mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Terskelen skal vere låg. Plikta blir alltid utløyst dersom ein elev sjølv seier frå at han eller ho ikkje opplever at det er trygt og godt på skulen.

  5. Plikt til å setje inn tiltak
    Skulen har ei plikt til å setje inn tiltak som er eigna til å sørgje for at eleven får eit godt og trygt skulemiljø. Plikta omfattar å følgje opp tiltaka og evaluere korleis tiltaka verkar. Dersom eleven opplever å ikkje ha eit trygt og godt skulemiljø, skal dette alltid utløyse aktivitet og plikt til å setje inn tiltak.

Involverte elevar skal bli høyrt, og eit grunnleggjande omsyn skal vere elevane sitt beste.

Når det skal setjast i verk tiltak, skal skulen lage ein skriftleg plan for dette. Skulen skal også dokumentere kva som er blitt gjort for å løyse saka. Skulen skal følgje opp tiltaksplanen ilag med deg og barnet ditt, og vurdere om tiltaka fungerer. Det skal ikkje ta meir enn ei veke frå eleven eller føresette har meldt frå til skulen og til skulen har undersøkt saka og eventuelt sett i verk tiltak. Dersom barnet ditt ikkje får det betre, skal skulen halde fram med tiltaka, eller setje i gang nye tiltak. Skulen skal avslutte planen når du og barnet ditt opplever at skulemiljøet er trygt og godt.

Trykk her for å lese kva Opplæringslova seier om skulemiljøet til elevane.

Tar ikkje skulen deg på alvor?

Dersom det ikkje blir slutt på mobbinga etter at du har sagt ifrå, eller du opplever at skulen ikkje følgjer opp saka, kan du ta saka opp med Fylkesmannen. Fylkesmannen har rolle som handhevingsmynde, og skal vurdere om skulen oppfyller aktivitetsplikta. Dersom saka ikkje er teken opp med rektor, eller det er under ei veke sidan ho vart teken opp, skal Fylkesmannen avvise saka, med mindre særlege grunnar gjer dette urimeleg.

Kjem Fylkesmannen til at skulen ikkje har oppfylt aktivitetsplikta, kan Fylkesmannen vedta kva skulen skal gjere for å sørgje for at eleven får eit trygt og godt skulemiljø. Det skal setjast ein frist for gjennomføring av vedtaket, og Fylkesmannen skal følgje opp saka. Fylkesmannen kan vedta reaksjonar etter skulen sitt ordensreglemnt, eller at ein elev skal byte skule.

Barneombodet har laga ein mal til deg som vil klage på dårleg skulemiljø.

Trykk her for å gå til sida der du kan laste ned malen.

Dette har elevane krav på

Alle barn har rett til å ha det trygt og godt på skulen. Dersom tilsette ved skulen har mistanke om eller kjennskap til at ein elev blir utsatt for krenkjande ord, mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkomande undersøkje saka med ein gong, og deretter varsle leiinga ved skulen. Det er innført ei skjerpa aktivitetsplikt dersom der er ein som arbeider på skulen som krenkjer ein elev.

Utanningsdirektoratet har laga ei informasjonsside til barn, unge og foreldre som seier kva rettar dei har.

Trykk her for å gå til utdanningsdirektoratet sine sider.

Treng du meir informasjon?

Kontakt

Mobbeombod i Hordaland

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Frå august 2018 er mobbeombodet i Hordaland eit tilbod til alle barn og unge (og deira foreldre) som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.

Mobbeombodet i Hordaland heiter Mari-Kristine Morberg. Ho rettleiar i saker som handlar om psykososialt miljø, barnets rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra.

Kontakt mobbeombodet

Alle kan ta kontakt med mobbeombodet.

Du kan òg følgje ombodet på Snapchat (mobbeombod) eller Facebook.

Du kan lese meir om ombodet og kva ho kan hjelpe deg med her.


Sist oppdatert: 28.11.2018
Publisert: 31.05.2018