HeimSkule og utdanningKlage på standpunktkarakter

Klage på standpunktkarakter

Frist for å klage

Du må klage innan 10 dagar etter at du fekk karakteren.

Kven kan klage?

  • Elevar, lærlingar, lærekandidatar, privatistar og praksiskandidatar
  • Foreldre/føresette til umyndige elevar, lærlingar, lærekandidatar, privatistar og praksiskandidatar
  • Er du under 15 år? Då må foreldre/føresette gje skriftleg samtykke

Slik klagar du

Før du bestemmer deg for om du vil klage, bør du ta kontakt med skulen og få ei grunngjeving for karakteren din.

Dersom du bestemmer deg for å klage:
  • Skal du sende ei skriftleg klage til rektor ved skulen din
  • Må du hugse å signere klagen
  • Må det stå i klagen kva du vil klage på

Kva skjer når du klagar?

  • Klageinstansen vurderer om skulen har følgt gjeldande krav til karakterfastsetting
  • Dersom klagar får medhald, vert saka sendt tilbake til skulen. Rektor og faglærar vurderer på nytt. Rektor fastset ny karakter. Avgjerda er endeleg.
  • Dersom klagar ikkje får medhald, blir karakteren ståande
  • Klageinstansen i grunnskulen er Fylkesmannen

Sist oppdatert: 15.03.2019
Publisert: 31.05.2018