HeimSkule og utdanningFritak frå kristendom, religion, livssyn og etikk

Fritak frå kristendom, religion, livssyn og etikk

Kva kan du få delvis fritak frå?

Du kan frå fritak frå dei delane av undervisninga i alle fag som du ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som:
1. utøving av ein annan religion eller tilslutning til eit anna livssyn
2. støytande eller krenkjande

Korleis be om delvis fritak

Foreldre/føresette må melde skriftleg til skulen kva for aktivitetar dei vil eleven skal ha fritak frå. Elevar som har fylt 15 år, kan sjølv levere skriftleg melding utan samtykke frå foreldre/føresette.

Kva undervisning får du i staden?

Skulen skal leggje til rette for anna undervisning innanfor læreplanen. Det vil seie at eleven skal få den same kunnskapen som dei andre elevane, men på ein annan måte.

Kvifor fritaksrett?

Kristendom, religion, livssyn og etikk er eit ordinært skulefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande. Skulen skal vise respekt for elevane og foreldra/føresette sine religiøse og filosofiske overtydingar og sikre retten til likeverdig opplæring.

Likevel kan det oppstå situasjonar som nokre foreldre/føresette eller elevar opplever som problematiske. Derfor har ein fritaksrett.

Klage om skulen ikkje godtar fritaksmeldinga

Dersom skulen ikkje godtar fritaksmeldinga, kan du klage til kommunen innan tre veker frå du tok imot avslaget.

Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vi bør endre vedtaket. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda bli ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Kva seier lova?


Sist oppdatert: 06.11.2018
Publisert: 31.05.2018