Skulemiljø

Skulemiljøet omfattar både:

  • Det fysiske miljøet, til dømes inneklima og leikeareal.
  • Det psykososiale miljøet, at elevane har eit trygt og godt skulemiljø
Skulen si aktivitetsplikt
  • Alle som arbeider på skulen, skal følgje med på om elevane har eit trygt og godt skulemiljø, og gripe inn mot krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering dersom det er mogleg
  • Alle som arbeider på skulen, skal varsle rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Rektor skal varsle skuleeigar i alvorlege tilfelle

Aktivitetsplikta er delt i fem:

  1. Plikt til å følgje med
    Plikta startar ved mistanke eller kunnskap om at ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen. Det er ei plikt for den einskilde å vere årvaken og aktivt observere korleis elevane agerer kvar for seg og seg imellom.
  2. Plikt til å gripe inn
    Alle skal gripe inn ved krenkingar. «Gripe inn» skjer med ein gong og er retta mot å stoppe ein situasjon.
  3. Plikt til å varsle
    Rektor skal varslast ved all mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Rektor skal varsle skuleeigar i alvorlege tilfelle.
  4. Plikt til å undersøkje
    Plikta startar når ein har mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Terskelen skal vere låg. Plikta blir alltid utløyst dersom ein elev sjølv seier frå at han eller ho ikkje opplever at det er trygt og godt på skulen.
  5. Plikt til å setje inn tiltak
    Skulen har ei plikt til å setje inn tiltak som er eigna til å sørgje for at eleven får eit godt og trygt skulemiljø. Plikta omfattar å følgje opp tiltaka og evaluere korleis tiltaka verkar. Dersom eleven opplever å ikkje ha eit trygt og godt skulemiljø, skal dette alltid utløyse aktivitet og plikt til å setje inn tiltak.

Involverte elevar skal bli høyrt, og eit grunnleggjande omsyn skal vere elevane sitt beste.

Når det skal setjast i verk tiltak, skal skulen lage ein skriftleg plan for dette. Skulen skal også dokumentere kva som er blitt gjort for å løyse saka.

Slik klagar du på skulemiljøet

Er du misfornøgd med det fysiske skulemiljøet?

Trykk her for å laste ned klagemalen til Barneombodet.

Blir du mobba?

Trykk her for å lese om mobbing og korleis du varslar.

Kva skjer etter ei klage?

Skulen skal snarast undersøkje og vurdere om det er behov for å setje inn tiltak for å sikre eleven eit trygt og godt skulemiljø.

Dersom du ikkje har fått tilbakemelding frå skulen innan ei veke, kan du ta saka opp med Statsforvaltaren. Statsforvaltaren skal avgjere om aktivitetsplikta til skulen er oppfylt og kan gjere vedtak om kva skulen skal gjere for å sørgje for at eleven får eit trygt og godt skulemiljø.

Vil du klage?

Det er Statsforvaltaren som fattar enkeltvedtak i høve til elevane sitt psykososiale skulemiljø. Ein klage på vedtak frå Statsforvaltaren skal stilast til Statsforvaltaren. Skuleeigar har ikkje klagerett.

Les meir

Sist oppdatert: 10.08.2021
Publisert: 07.06.2018