Slik kan du påverke

Politikarane og administrasjonen forsøkjer å styre kommunen til beste for deg, og vil gjerne høyre dine synspunkt i saker og tema du brenn for.

Har du som einskildperson eller medlem av ein organisasjon ei sak du vil lufte for politikarane, er det fleire måtar du kan gjere dette på:

Stille spørsmål til ordførar

Meland kommune har som mål å styrkje lokaldemokratiet. Difor set vi i verk fleire tiltak for å nå dette målet. Eit av tiltaka er å ha spørjetime for innbyggjarar, kommunestyre og presse 2 gongar kvart halvår. Tidspunkta blir kunngjort saman med møta. I spørjetimen kan innbyggjarane ta opp saker dei ønskjer svar på frå ordførar.

Dei som ønskjer utfyllande svar må melde spørsmåla skriftleg til ordførar seinast 48 timar før møtet.

Innbyggjarforslag

Som innbyggjar kan du fremje saker til behandling i kommunestyret og fylkestinget. 

Målsetjinga med innbyggjar-initiativet er å bidra til ein betre dialog mellom dei folkevalde og veljarane, og gjera det enklare for innbyggjarane å kome fram med saker som dei meiner kommunen bør ta fatt i.

Eit forslag må ha støtte frå minst to prosent av innbyggjarane. Likevel er 300 underskrifter i kommunen eller 500 i fylket alltid nok. Det må klart gå fram at underskrivarane gjev si støtte til det som forslaget går ut på.

Du må formulere eit forslag om det du ønskjer kommunestyret eller fylkestinget skal ta stilling til. Forslag kan også fremjast av personar under 18 år. Ta gjerne kontakt med kommunen for meir rettleiing. Når du har samla inn tilstrekkeleg med underskrifter kan du senda lista til kommunen. Du kan også nytta Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) sin nettportal for innbyggjar-initiativ.

Innan seks månader skal kommunestyret ta stilling til eit forslag etter at det er blitt fremja.

Val

Val i Noreg vert gjennomført på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå.

Stortingsval og sametingsval
Stortingsval vert halde kvart 4. år, saman med sametingsvalet. Det vert vald 169 representantar frå 19 fylker til Stortinget.

Kommunestyre- og fylkestingval
Kommunestyre- og fylkestingval vert halde kvart 4. år. I Meland kommune vert det valgt 27 representantar til kommunestyret.

Soknerådsval
Den norske kyrkje held val samtidig som kommunestyre- og fylkestingval. Dei vel representantar for sokneråd og bispedøma. Det er sokneråda som gjennomfører dette valet.

Kvar kommune er ansvarleg for dei ulike valgjennomføringane og ansvaret i Meland kommune ligg til rådmann/stab. Dei valde kandidatane representerer ulike parti som har fått godkjend ulike krav sett til å stille liste.


Sist oppdatert: 28.11.2018
Publisert: 12.10.2018