Politisk organisering

Delegasjonsreglement for Meland kommune 

 

Kommunestyret

Kommunestyret er det øvste folkevalde organet i kommunen. I Meland er 8 politiske parti representert i kommunestyret som har 27 medlemmar. Kommunestyret har møte omlag 8 gonger i året. 

Reglement for Meland kommunestyre

Kontaktinformasjon

Formannskapet

Formannskapet består av 7 medlemmar frå kommunestyret og utfører dei oppgåvene som er pålagde ved lov og gjer vedtak i dei sakene kommunestyret har delegert/gjeve formannskapet fullmakt til å avgjere.

Reglement for Meland formannskap

Kontaktinformasjon

Administrasjonsutvalet

Medlemmar

Administrasjonsutvalet i Meland kommune består av 7 politisk valde medlemmer og 3 representatar frå arbeidstakarorganisasjonane.

I Hovudavtalen del B § 4 Partsammensatt utvalg ligg det slike føringar for valet av medlemmar:

Ingen av arbeidsgjevarrepresentant/vara skal vere kommunalt tilsett. Arbeidsgjevarrepresentant bør vere rekruttert frå formannskapet. Vararepresentant bør vere medlem av formannskapet eller vara i formannskapet.

Arbeidstakarorganisasjonane vel to arbeidstakarrepresentantar, med personlege vara.

Medlemmar i administrasjonsutvalet 2015-2019 finn du her.

Kontaktinformasjon

Reglement

Reglement for administrasjonsutvalet finn du her.

Heimel

Kommuneloven §25. Partssammensatte utvalg - administrasjonsutvalg.

Kontrollutvalet

Kontrollutvalet er kommunestyret sitt reiskap for demokratisk innsyn og kontroll med alle sider ved kommunen si verksemd.

Utvalet rapporterer direkte til kommunestyret om sitt arbeid og eventuelle forslag til vedtak.

Kontrollutvalet fører løypande tilsyn med den kommunale forvaltninga på kommunestyret sine vegne, og ser til at kommunen har ein forsvarleg revisjon. Tilsyn med forvaltninga utførast gjennom revisor sitt arbeid med rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Kontrollutvalet kan også gjennomføre eigne undersøkingar.

Kontrollutvalet er ikkje eit klageorgan, og kan dermed ikkje handsame klager på enkeltsaker. Dersom det ligg føre tips til kontrollutvalet om forhold som bør undersøkast nærare, vil det vere ein fordel om dette i størst mogleg grad er basert på konkrete fakta. Tips eller varsling kan sendast i post eller på e-post til sekretariatet.

Nordhordland Utviklingsselskap IKS har sekretariatsfunksjon for kontrollutvala i kommunane i Nordhordland.

Medlemmar

Medlemmar i kontrollutvalet 2015-2019 finn du her.

Kontaktinformasjon

  • Postadresse
    Kontrollutvalet i Meland kommune
    Nordhordland utviklingsselskap IKS
    Postboks 13
    5902 Isdalstø

Heimel

Kontrollutvalet er omfatta av Kommunelova § 77 ​ og Forskrift om kontrollutval i kommunar og fylkeskommunar.

Utval for drift og utvikling

Medlemmar

Utval for drift og utvikling består av 9 politisk valde medlemmar, alle valde av kommunestyret.

Arbeids- og ansvarsområde

  • Kommunale vegar
  • Vassforsyning
  • Avløp
  • Renovasjon
  • Byggjesaker
  • Kart/oppmåling
  • Landbruk/skogbruk/næring
  • Fiske/jakt/vilt
  • Natur/miljø
  • Samferdsle
  • Brannvern
  • Oljevern
  • Kommunale eigedomar

Utval for drift og utvikling er også kommunen sitt planutval.

Reglement

Kontaktinformasjon

Utval for levekår

Medlemmar

Utval for levekår består av 9 politisk valde medlemmar, alle valde av kommunestyret.

Arbeids- og ansvarsområde

  • Skular, SFO og barnehagar
  • PPT
  • Vaksenopplæring
  • Kulturskule
  • Bibliotek
  • Ålment kulturarbeid
  • Kultur- og bygningsvern
  • Barne- og ungdomsarbeid
  • Kommunale helseoppgåver
  • Pleie- og omsorg
  • Sosiale tenester
  • Barnevern

Reglement

Reglement for Hovedutvala

Kontaktinformasjon

Eldrerådet

Kontaktinformasjon

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Kontaktinformasjon

Ungdomsrådet

Ungdomsrådet består av medlemmar frå 8. klasse, 9. klasse og 10. klasse på skulane: Danielsen ungdomsskule, Meland ungdomsskule og Rossland ungdomsskule + medlemmar frå vidaregåande skule.

Kontaktinformasjon 

  • Susanne Sørli Slettebakken
    Leiar 

Kontaktpersonar frå Utval for levekår til Meland Ungdomsråd:


Sist oppdatert: 28.11.2018
Publisert: 04.05.2018