Ordførar

Ordføraren i Meland

Øyvind H. Oddekalv, født 1968, (Arbeiderpartiet) er ordførar i Meland kommune.

Ordføraren er kommunen sin fremste folkevalde og rettslege representant. Ordføraren leiar møta i kommunestyre og formannskap. Ordføraren representerer kommunen i mange samanhengar og har hovudansvaret for kontakt med media. Ordføraren er bindeleddet mellom politikk og administrasjonen.

Det er viktig å presisera at e-post til Ordføraren er offentleg og vert journalført for ålment innsyn. E-posten du skriv vert sendt kommunen sitt e-postmottak.

Besøk       
Avtal tid på førehand med ordføraren.

Besøksadresse
Meland rådhus, Havnevegen 41A, 5918 Frekhaug

Kontakt

 

Tidlegare ordførarar

Tidlegare ordførarar i Meland kommune
Namn Årstal Parti
Nils Marton Aadland 2007- 2015 Høgre
Solbjørg Å. Sandvik 1999- 2007 Høgre
Arne I. Sakstad 1992- 1999 Arbeiderpartiet
Harry Wiig Andersen 1980- 1991 Senterpartiet
Johannes H. Fosse 1968- 1979 Kristleg folkeparti
Olav Åmdal 1946- 1968 Sagstad krinsliste (frå 1935). Frå 1946: Samlingslista for Meland. Frå 1948 - 1967: Sagstad krinsliste. Frå 1968: Senterpartiet si liste
Nils Hvidsten 1938- 1945 Austebygd krinsliste (frå 1938)
Lars G. Hopland 1932-1938 Sagstad krinsliste (frå 1936)
Andreas Hagen 1923-1931 Bygdeliste - Sagstad krins

Sist oppdatert: 28.11.2018
Publisert: 12.10.2018