Publikasjonar

Publikasjonar som kan kjøpast på rådhuset 
Publikasjon Pris
Boka "På tur i Meland" kroner 130,-
Boka "Navarsmeden" kroner 200,-
Turkart kroner 80,-

Bygdebøkene Gard og ætt i Meland

Gards- og ættesoga «Mellom bakkar og berg» er det mest omfattande lokalhistoriske bokverket som har vorte skrive om det som er Meland kommune i dag. Den er delt i to hovuddelar, ein ættesogedel og ein gardssogedel. Dei eldste personopplysningane er frå 1600-talet og dei yngste går fram til år 2002. Gardssogedelen viser mellom anna korleis folk livberga seg i ein periode der hovudnæringa var jordbruk og ein del fiske.

Gards- og ættesoga er geografisk inndelt, fordelt på 3 band, og kostar kroner 500,- per bok. Bøkene er til sals i Norli bokhandel i Knarvik senter.

Jubileumsboka Nordhordland 1814-2014

Er til sals i bokhandelen Norli i Knarvik senter, i biblioteket på Frekhaug torg og i biblioteket på Rossland skule. Pris: kroner 200,- per bind.


Sist oppdatert: 29.10.2018
Publisert: 26.10.2018