Organisasjonen Meland kommune

Organisasjonskart

Organisasjonskartet til Meland kommune

Rådmann

Martin W. Kulild er tilsett som rådmann i Meland kommune frå 01.06.2017.

Oppgåver og mynde for rådmannen er nedfelt i Kommunelova § 23.

For meir informasjon om kva mynde kommunestyret i Meland har delegert til rådmannen, sjå delegeringsreglement for Meland kommune.

I samsvar med Delegasjonsreglement for Meland kommune, vedtatt i kommunestyret 14.12.16, kan rådmannen vidaredelegere (subdelegere) mynde og oppgåver til andre i den administrative organisasjonen.

Sjå meir informasjon om:

Subdelegasjonsreglement

Kontakt:


HR-teamet

Desse er med i HR-teamet: Personal- og organisasjonssjef, organisasjonsrådgjevar og personalkonsulent.

HR-teamet har mellom anna ansvar for utvikling av kommunen sin arbeidsgjevarpolitikk, kompetanseutviklingsplan, etablering av effektive verktøy og system innan personalleiing og personalforvaltning med meir. Teamet har også ansvar for overordna forvaltning av avtaleverket mellom dei lokale partane i arbeidslivet, til dømes lokale lønsforhandlingar. Teamet koordinerer rekrutteringsprosessane og skriv ut alle arbeidsavtalar. Dei har også ansvar for utvikling av kommunen sitt kvalitetssystem, til dømes innan helse, miljø og tryggleik.

Det vert elles gitt fagleg støtte og rådgjeving til tenesteområdeleiarane i spørsmål som gjeld personalforvaltning og arbeidsgjevarrolle.

Oversikt over HR-teamet

Tenesteområde

Det er i alt 13 tenesteområde i organisasjonsstrukturen.

Alle tenesteområdeleiarane har ansvar for tenesteområdet med omsyn til utvikling, resultat, økonomi, arbeidsgjevarrolle, service, miljø og deltaking. Tenesteområdeleiar rapporterer til rådmannen.

Avdelingsleiarar kan få eit avgrensa delegert ansvar for personell, drift og økonomi.

1. Kultur

Omfattar bibliotek, lokalhistorisk arkiv, frivillige lag og organisasjonar, frivilligsentralen, ålment kulturarbeid, kulturminnevern, kunstformidling, kulturskule, kulturarrangement i kommunal regi, tilskot til trussamfunn og namnsetjing av vegar.

2. Plan, utbygging og  kommunalteknikk

Omfattar plan- og byggesakshandsaming, kart og oppmåling, næringsarbeid med landbruk, vilt- og fiskeforvaltning, handsaming av saker etter fleire særlover, mellom anna jord- og konsesjonslovverket og forureiningslova.

Har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av kommunal infrastruktur (kommunale bygg, reinhald, infrastruktur for vatn, avløp og renovasjon - VAR), parkanlegg og friareal, kommunale vegar medrekna veglys og kaianlegg. Investering, utbygging og forvaltning av kommunale anlegg og eigedommar. Anleggsdelen av nærmiljø, idrett og friluftsliv, inkludert spelemidlar.

3. Helse

Omfattar legeteneste, legevakt, fysioterapi og ergoterapi, miljøretta helsevern, smittevern, psykisk helseteneste, tiltak for personar med rusmisbruk, helsestasjon, svangerskapsomsorg.

4. NAV

Kommunale oppgåver lagt til NAV Meland.

5. Meland sjukeheim

Institusjonsbaserte tenester (med korttids- og langtidsavdeling), demensavdeling Lerketunet, natt-tenesta, dagsenter, transport, kjøkken.

6. Meland heimeteneste

Heimesjukepleie, heimehjelp/praktisk bistand, matombringing, ressurskrevjande tenester/barnebustad. Bustølen burettslag, ordninga med personleg assistent (BPA), støttekontakt, avlastning, omsorgsløn, individuell plan, ansvarsgrupper, dagtilbod, koordinerande eining.

7. Barnevern

Omfattar drift og utvikling av barnevernet i Meland.

8. Marihøna barnehage

Omfattar drift og utvikling av Marihøna barnehage og spesialundervisning barnehage.

9. Meland ungdomsskule

Omfattar drift og utvikling av Meland ungdomsskule, samt vaksenopplæring.

10. Rossland barne- og undomsskule

Omfattar drift og utvikling av Rossland barne og ungdomsskule inkludert SFO.

11. Vestbygd skule

Omfattar drift og utvikling av Vestbygd skule inkludert SFO.

12. Sagstad skule

Omfattar drift og utvikling av Sagstad skule inkludert SFO.

13. Grasdal skule

Omfattar drift og utvikling av Grasdal skule inkludert SFO.

Stabsorganiseringa

I organisasjonsstrukturen inngår 4 stabar:

  • Rådgjevargruppa
  • Økonomi
  • Administrasjonsstab rådmann
  • PPT

Rådgjevarar

Rådgjevargruppa fungerer som fagleg støtte både for rådmann og tenesteområdeleiarar. Rådgjevarane har oppgåver knytt til ulike typar sakshandsaming og er medaktørar og medspelarar i prosessar kring utvikling, fornying og omstilling. I gruppa er det samla fagkompetanse innan fleire ulike område, som skule, barnehage, helse, sosial, pleie og omsorg og kommuneplan.

Dei har ulike oppgåver innan sakshandsaming og er også sentrale medaktørar og medspelarar i prosessar kring utvikling, fornying og omstilling.

Oversikt over rådgjevarar
  • Kristin Nåmdal
    Samfunnsplanleggjar
    Plankontakt kommuneplan
    Plankontakt områdeplan Langelandskogen
    Telefon: 56 17 11 67
    E-post: kristin.namdal@meland.kommune.no 

Økonomi

Økonomikontoret

Økonomikontoret heldt til på rådhuset, men løn og rekneskapsavdelinga heldt til i Knarvik.

Kontakinformasjon:

Administrasjonsstab rådmann

Administrasjonsstab rådmann vert leia av personal- og organisasjonssjef, som også er stedfortreder for rådmannen når han ikkje er til stades. Det er 12 tilsette ved staben. I tillegg vert frikjøp av hovudtillitsvalde og hovudverneombod ført på dette området.

Sekretariat for politiske utval

Administrasjonsstab rådmann er sekretariat for ei rekkje politiske råd og utval: Ordførar, kommunestyret, formannskapet, utval for levekår, utval og for drift og utvikling, administrasjonsutvalet, arbeidsmiljøutvalet, eldrerådet og råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Administrasjonsstab rådmann er også sekretariat for valstyret og har ansvar for den praktiske gjennomføringa av alle kommunestyre/fylkestings- og Stortingsval.

Dokumentsenteret

Dokumentsenteret er mottak for all sakspost til kommunen, med unntak av post som vert ført i ulike fagsystem. På dokumentsenteret vert posten opna, skanna, registrert og oversendt elektronisk til avdelingar og saksbehandlarar. Dokumentsenteret og arkivleiar skal kvalitetssikre det fullelektroniske arkivet til kommunen, i tråd med gjeldande lovverk og reglar for fullelektronisk arkiv.

Informasjon

Administrasjonsstab rådmann har ansvar for kommunen si heimeside, intranett, ulike sosiale medium, mellom anna den kommunale Facebooksida. Det vert elles jobba med utgangspunkt i vedteken informasjonsplan.

Resepsjon

Kommunen sin resepsjon med publikumsmottak og telefonsentral ligg under administrasjonsstab rådmann. Her vert det så langt råd er, gjeve svar på ulike spørsmål frå publikum og elles vist til rett instans i teneste- eller forvaltningsapparatet.

Andre oppgåver

Administrasjonsstab rådmann har ansvar for beredskap, mellom anna overordna ROS-analyse og beredskapsplanverk. Staben har også ansvar for saksbehandling av serverings- og skjenkesaker.

PPT

Du finn meir informasjon om PPT her.


Sist oppdatert: 28.11.2018
Publisert: 27.04.2018