Ny i Meland

Meland ligg nordvest i Hordaland, under ein halv time frå Bergen. "Nordhordlandsbrua" i Meland er det geografiske bindepunktet mellom Nordhordland og Bergen og er med sine 1610 meter den lengste flytebrua i verda utan sideforankring.

Meland er ein av kommunane i Noreg med størst prosentvis vekst, både i folketal og i talet på nye, private arbeidsplassar. Kommunen har i overkant av 8000 innbyggjarar. Den korte avtanden til Bergen gjer det naturleg for mange av våre yrkesaktive innbyggjarar å pendle til jobb. Vi arbeider likevel aktivt for å leggje til rette for fleire næringsetablerarar i kommunen, og har som mål å vere ein av dei mest attraktive kommunane i Hordaland også på dette området.

Sjølv om vi er tett på storbyen Bergen, så lever du i Meland nær vakker natur og du har det beste utgangspunktet for høg livskvalitet. Vi har fjord og fjell, skog og innlandsvatn, lune viker og opne sletter; med andre ord natur som innbyr til rekreasjon og ei rekkje friluftsaktivitetar. I tillegg har vi også gode idrettsanlegg og ei europeisk anerkjent golfbane

I kommunen ligg også den største folkehøgskulen i landet.

Geografiske fakta:

  • Totalt areal: 90,4km2
  • Halvparten av landarealet er skogdekt
  • Jordbruksareal: Utgjer 13% av totalarealet
  • Høgste punkt: Eldsfjellet (324 meter over havet)

Sjå brosjyren vår her


Sist oppdatert: 20.11.2018
Publisert: 09.10.2018