HeimPolitikk, administrasjon og høyringarHøyringar og kunngjeringarVarsel om oppstart av privat planarbeid - Reguleringsplan for industriområde Framo Flatøy

Varsel om oppstart av privat planarbeid - Reguleringsplan for industriområde Framo Flatøy

Figuren under viser gjeldande reguleringsplan og utsnitt av gjeldande kommuneplan.

Figur 1 Utsnitt av gjeldande reguleringsplan og kommuneplan. N er næringsareal og FE er ferdsel i sjø.

Foreløpig planskisse med fyllingsutslag i sjø, datert 6. mai 2019


Bakgrunn for planarbeidet

Sidan etableringa i 1966 har bedrifta hatt ei positiv utvikling. Plassmangel har dei seinare åra ført til at bedrifta har måtta leige areal utanfor industriområdet. Resultatet er nedsett effektivitet, uønska og unødvendig transport, auka kostnader og auka miljøbelastning. Bedrifta har såleis behov for større utandørs lagerplass, transport-, manøvrerings- og køyreareal, nye lagerbygningar, produksjonshallar og administrasjonsbygg til erstatning for delar av den eksisterande bygningsmassen.

Om planane

For å tilrettelegge for utviding og vidareutvikling, ønskjer Framo Flatøy AS å starte arbeidet med ein ny reguleringsplan for næringsområdet. Planområdet framgår av skisse som du kan sjå her. Utvidingsområdet vil vere innanfor dei areala som allereie er avsett til formålet i kommuneplanen.

Det pågåande reguleringsplanarbeidet for Flatøy, Midtmarka - Rotemyra vil påverke adkomstforholda til Framo Flatøy. Planlegginga av ny adkomstveg til industriområdet utførast difor i samarbeid med Meland kommune og tiltakshavar for nemnde reguleringsplan.

Konsekvensutgreiing

Etter kommunen si førebelse vurdering skal det ikkje utarbeidast planprogram. Det skal utarbeidast konsekvensutgreiing for nokre utvalte tema som forureining, friluftsliv, landskap, kulturminne/kulturmiljø og biologisk mangfald i sjø.

Vidare saksgang

Forslag til reguleringsplan og tilhøyrande konsekvensutgreiing er planlagt levert kommunen i løpet av 2019. Kommunen overtar då planen og den vidare behandlinga.

Merknader til plan

Merknader eller innspel til planarbeidet sendast til:

Multiconsult Norge AS
Ved Solveig Renslo,
Nesttunbrekka 99, 5221 Nesttun.
E-post: solveig.renslo@multiconsult.no, Telefon: 90 16 71 67        

Merknadsfrist: 21. juni 2019

Alle mottatte merknader vil følgje saka og bli sendt til Meland kommune saman med forslag til reguleringsplan. 

Ta gjerne kontakt med Richard Sulen hos Framo (telefon: 55 99 99 45), eller Solveig Renslo om de har merknader eller ønskjer meir informasjon.


Sist oppdatert: 14.05.2019
Publisert: 14.05.2019