HeimPolitikk, administrasjon og høyringarHøyringar og kunngjeringarReguleringsplan for Meland kyrkjegard, endring – Høyring og offentleg ettersyn

Reguleringsplan for Meland kyrkjegard, endring – Høyring og offentleg ettersyn

Detaljreguleringa er ei endring av eksisterande plan for Meland kyrkjegard vedteke 05.02.1992. Reguleringa legg opp til ei utviding av eksisterande gravplass mot sør, etablering av ny tilkomstveg og parkeringsplass til øvre nivå av gravplassen samt omlegging av Bjørnestadvegen utanom kyrkjetunet.

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

1. Plankart, datert 18.03.2019

2. Reguleringsføresegner, datert 12.04.2019

3. Planskildring, datert 12.04.2019

4. Illustrasjonsplan, datert 18.03.2019

5. VA rammeplan, datert 12.04.2019

6. Kart og planprofil, datert 15.10.2018

7. Kart omlegging av veg, datert 09.10.2018

8. Arkeologisk rapport, datert 14.01.2019

9. Elvemusling, datert 12.06.2017

10. ROS- analyse, datert 12.04.2019

11. Planvedtak, datert 07.05.2019

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 28.05.19 – 09.07.19

Framlegg til plan vert ved høyring og offentleg ettersyn kunngjort i avisa strilen og på kommunen si heimeside. Grunneigarar, lag, organisasjonar og offentlege instansar vert direkte tilskrive.

Plandokument ligg også til gjennomsyn i resepsjonen i Meland rådhus.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen. For å kome med merknad kan ein enten nytte kommunen sitt elektroniske høyringsskjema, sende e -post til postmottak@meland.kommune.no eller sende brev til Meland kommune, Postboks 79, 5906 Frekhaug. Merknaden stilast til planavdelinga.

Merknadsfrist er sett til 09.07.19


Sist oppdatert: 05.06.2019
Publisert: 28.05.2019