HeimPolitikk, administrasjon og høyringarHøyringar og kunngjeringarReguleringsplan for Fv. 245 Fosse - Moldekleiv, med oppgradering av Fossekrysset - Offentleg ettersyn og høyring

Reguleringsplan for Fv. 245 Fosse - Moldekleiv, med oppgradering av Fossekrysset - Offentleg ettersyn og høyring

I medhald av plan- og bygningslova § 12- 10 har Utval for drift og utvikling 27.11.2018, som sak 90/2018, gjort vedtak om å leggja planframlegg ut til offentleg ettersyn.
Publisert: 03.01.2019
Sist endra: 10.01.2019

Planområdet er på om lag 700 daa og følgjer fylkesveg 245 frå Fossekrysset mot fylkesveg 564 i sør, til Moldekleiv i nord ved kryss mot kommunal veg Skarpeneset. Strekninga er i overkant av 3,5 kilometer lang, og legg til rette for utviding og trafikksikring av vegen med tilhøyrande gang- og sykkelveg, samt oppgradering av Fossekrysset.

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

Framlegg til plan vert ved høyring og offentleg ettersyn kunngjort i avisa Nordhordland, Strilen og Bergens Tidene (BT). Grunneigarar, lag, organisasjonar og offentlege instansar vert direkte tilskrive.

Plandokument og vedtak ligg til gjennomsyn i resepsjonen på Rådhuset. Dokumenta ligg også tilgjengeleg på Statens vegvesen si heimeside.

Det blir i samband med offentleg ettersyn halde ope kontordag med Statens vegvesen på Meland rådhus, torsdag 24.01.2019, frå klokka 15.00 – 18.00

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 05.01.2019 – 16.02.2019.

Merknader:

Merknader til planforslag må vera framsett skriftleg innan merknadsfrist. For å komme med merknad kan ein enten nytte kommunen sitt elektroniske høyringsskjema, sende e-post til postmottak@meland.kommune.no eller sende brev til Meland kommune, Postboks 79, 5906 Frekhaug. Merknaden stilast til planavdelinga.

Merknadsfrist er sett til 16.02.2019.