HeimPolitikk, administrasjon og høyringarHøyringar og kunngjeringarReguleringsplan for del av Mjåtveitmarka, gbnr 22/85 med fleire – Høyring og offentleg ettersyn

Reguleringsplan for del av Mjåtveitmarka, gbnr 22/85 med fleire – Høyring og offentleg ettersyn

I medhald av plan- og bygningslova § 12- 10 har Utval for drift og utvikling 07.05.2019, som sak 40/2019, gjort vedtak om å leggja planframlegg ut til offentleg ettersyn.
Publisert: 28.05.2019
Sist endra: 29.05.2019

Føremålet med detaljreguleringa er å leggje til rette for 19 bustader i form av tomannsbustad/rekkehus og einebustad med utleige, med tilhøyrande leikeplass og infrastruktur. Planområde er på om lag 13,4 daa.

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

  1. Plankart, datert 04.04.19
  2. Reguleringsføresegner, datert 10.05.19
  3. Planskildring, datert 04.04.19
  4. Illustrasjonsplan, datert 25.02.19
  5. Nml vurdering, datert 06.07.17
  6. Snitteikning
  7. VA-rammeplan, datert 05.10.18
  8. Oppsummering av merknad til varsel om oppstart
  9. Planvedtak, datert 07.05.19

Framlegg til plan vert ved høyring og offentleg ettersyn kunngjort i avisa 28.05.19 og på kommunen si heimeside. Grunneigarar, lag, organisasjonar og offentlege instansar vert direkte tilskrive.

Plandokument og vedtak ligg også til gjennomsyn i resepsjonen på Rådhuset.

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 28.05.19 – 09.07.19

Merknader til planforslaget må vere framsett skriftleg innan merknadsfrist. For å kome med merknad kan ein enten nytte kommunen sitt elektroniske høyringsskjema, sende e-post til postmottak@meland.kommune.no, eller sende brev til Meland kommune, Postboks 79, 5906 Frekhaug. Merknaden stilast til planavdelinga.

Merknadsfrist er sett til 09.07.19